- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
81

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Talen slutta med eit par vers um, at kvinna med alt
anna godt attåt var fager, og at det var det beste véd
henne. Og med ein gong gløymde Dølen sin visdom
um åndsmenner som skulde vera sveinkallar; enden vart
at tankens mann nettupp burde ha den fagraste gjenta.
Og so vilde han drikka ei skål for kvinna; og den skåli
vilde han serleg drikka med alle dei her i laget som
hadde ein kjærast, so sant som då kjærasten og
kjærleiken var noko tess. Russen jubla til dette og drakk;
Dølen dukka ned av talarstolen og skeivla burtetter til
det bordet der han sat med kameratane sine.

Dit burtetter søkte Daniel au. Han vilde høyra meir
av denne folkelege vismannen og skalden.

Og Dølen var i drøselag. Uppglødd og glad etter
talen og samtykket tok han seg ein slurk puns og gav
seg til å preika på nytt lag, for felagane sine og kven
som vilde høyra.

Ja, den kvinna og den maten, tok han i. Men det
kom seg av, at kvinna hadde mindre daning enn me;
for visste ho lite meir, so vilde ho forstå, at det var
ikkje sant det med den maten. For det var ikkje sant;
han hadde mang ein gong levt sine beste stunder dei
dagane når han ikkje hadde fenge middagsmat. Dette
matstrevet som var so uppe no, det tyngde ned heile
livet vårt; ja var det ikkje denne matmakti og dette
guanokratiet, som me laut slåst med i sjølve politikken?
Alt gjekk ut um maten; den var beste mannen som
kunde skaffa mest guano. Heile embetsverket vart meir
og meir slikt eit guanobruk, der det ikkje spurdest um
ånd og tanke, men um å tena godt, og gjera pengar
utav kunnskapen sin, liksom Per Degn gjorde mynt av
den latinen som han elles ikkje kunde. Sjølve studiet
vart eit handverk; det galdt å «koma i veg». Herregud,
leva måtte me; han var jamvel sjølv fesjådiktar; men
det var fælt å høyra lærde folk tala um all denne maten.
Dei brydde seg fanden um folk og land; dei tok sitt
yrke som ein annan handel; i staden (or å vera
folke-førarar klipte dei navlestrengen av millom folket og seg,
stengde seg inne i sine kontorbåsar og vart byråkrati.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free