- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
82

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og so kom heile rikslivet inn i den same åndløysa. Det
vart denne utvertes nytta, som ein kann taka på med
nevane; desse «materielle Fremskridt» med jarnvegar og
nautemøte; heile denne «Læstedraegtigheit»,som ein skiper
kalla vårt sanne nasjonale; kort, det vart dette engelske
stell med kjøtmaskinar og undervurdering av det ideelle.
Det gjekk so vidt, at dei ikkje lenger lika framifrå gode
hovud i riksverket; desse «helvetes genier» gjorde berre
ugagn.

No la ein av dei andre seg inn i samrøda — Daniel
lika elies ikkje dei karane; dei såg so høgvise og
ånds-aristokratiske ut —: «nå,» sa mannen; «dei turkar no
meir og meir inn og, dei gamle ekte byråkratane. Då
er det annan merg i desse breidvaksne, kjakesterke
bondegutane ...»

Dølen hogg seg inn att, «Ja,® sa han, «kulturen gjer
folk fagre og edle, men veike og visne, og so må det
sistpå hunar og vandaler inn ifrå Asia til å friska upp
det tunne blod. Men me tek ikkje våre vandaler frå
Asia; me tek dei frå bondebygdi; difor gjeng ikkje
samfundet vårt under i denne prosess, men yngjer seg
sjølv uppatt, liksom Saturnus som åt sine eigne born.
Og me vil alltid ha villmenner til å friska upp
samfunds-blodet vårt med, so lenge me hev desse bønder og
husmenner, som lever av bustegraut og ult flesk og kliv i
alle dei bakkar og berg som til er og vel so det, og syg
i seg ei luft som er so sterk, at um dei trolla ein
bymann like frå gata og der upp, so vilde han kovna,
liksom musi i den glasklokka som var fyllt med berre
surstoff».

Dølen drakk or glaset sitt og tok snøgt til ords- att:

»Ja, det er fagre gutar desse byfolk, med slike
ånd-fulle andlet, at du kunde hugleggja dei eller på tysk
forlibe deg i dei. Men um ti år vil alle desse
gjente-fine åsyn vera so turre som bork på tre; kvar
nokolunde begava katt vil sjå meir åndfull ut enn dei; og
slitne og sure vert dei, og grå av all papirdumba og
alt matstrevet; og skjegg fær dei so dei tidt ser ut som
gamle hønsehaukar med nosi som ein stor, krokut nebb

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free