- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
84

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

her er plass. Og eit glas øl med, um du vil.» Daniel
takka og sette seg; sant å segja skulde eit glas øl gjera
godt no. Haugum sende Sven Dufva av stad etter
eit glas; so førde han «studiosus Braut» fram for den
ukjende, kandidat Meier; tok so upp tråden i samtalen
att. —- «Nei,» sa han til Meier, «det er nok ikkje det,
som er meiningi. Endre Storr er ein mann med både
god vilje og gode tankar; men han trur her er for lite
økonomisk grunnlag for eit rett åndsliv her i landet;
og so vil han at folk skal leggja seg etter det fyrst og
fremst.» «Ja, men det kallar eg materialisme,» sa
kandidat Meier, — «denne trui på at det økonomiske er
det fyrste i livet.» Han tala seint og roleg; ordi kom,
eit i senn, med vekt og med tyngd. Haugum tagna
eit grand, men arbeidde seg upp att: «Ja; der er alltid
noko i det, men —; men det er vel ikkje sagt, at um
ein held det materielle for grunnlaget, — at ein difor
held det for det fyrste?» — Kandidat Meier lét ein
høg smil lysa upp i sitt ålvorsame andlet, som innringa
av det svære myrke håret syntest ei apostel åsyn; og
han sa: «Lat oss først søke ånden og dens liv, så skal
alt annet legges til for oss!» No forstod Daniel, at
kandidat Meier var ein stor mann, og då han i det
same såg Sven Dufva koma ruslande med både glas
og flaske, vart han modig; han dunka i bordet og sa:
«Det var eit sant ord!»

Haugum stirde forundra på læreguten sin, som på
denne måten sette upp; men han freista å forsvara
Endre Storr endå. Han fekk det ikkje rett til; Daniel
høyrde med løynleg glede, at Haugum meir og meir
låg under for Meiers sterke tru og vektige ord. Men
underleg nok: Haugum gav seg ikkje.

Ølet smaka svalande godt; Daniel kjende seg so
frisk og sterk. Han vilde nettupp ti! å fortelja um
Jens Rud og hans tale; men so tok kandidat Meier til
å tala um «åndsmannen Hirsch»; «Ja kor gjeng det med
den greida?» spurde Haugum. «A; det gjeng med Hirsch
som med andre åndsmenner i dette landet; han vert
forfylgd av åndløysa ovanfrå og av fåkunna nedanfrå;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free