- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
85

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og då han ikke gjev seg, so er det berre eit spursmål
um tid, når han vert nøydd til å taka avskil».

«Ka . . kapellan Hirsch?» spurde Daniel med uppspilte
augo. «Han er kapellan enno, Ja,» svara Meier. «Ja,
men , . kva hev han gjort?» «A,» kasta Haugum inn,
«han er komen i strid med pietistane der uppe um den
rette formi for dåpsordet.» Daniel var både forundra
og forstøkt; men etter kvart som han høyrde på
samrøda, koka punsen og sinnet upp i han; han slo i bordet
so det song: «Den jøtunyngelen!» — Meier smilte
apostolisk og sa: «Sant nok; det er Lokes ætt.» Noko
etter reis han upp og gjekk inn i salen; han vilde høyra
kva ungdomen rødde um når han var full, sa han.

Haugum fortalde um folkehøgskuletanken, som tok
til å gro; millom anna nemnde han, at Meier vilde bli
folkehøgskulelærar. «Altså en bra mann!» ropa Daniel
med ein dunk i bordet. «Var det ikkje det eg såg?
Eg skal mest alltid sjå utanpå ein mann kva han duger
til . . .» — «Men den Endre Storr, Haugum, kven er
det?» spurde Bragestad med eit stort, hastande mæle,
liksom han var bljug for å blanda seg inn i samtalen.
«Det er husverten min,» sa Haugum. «Ein rik devel
av ein grosserar,» slengde Ortvedt inn, liksom vaknande;
«den Haugum held seg alltid til dei store, han, filuren!»
«Eg hev kome til å bu hjå han,» heldt Haugum fram,
«av di eg kjende kona hans.» «Sss! no vert det leidt
her!» kviskra Ortvedt; «hi-hi-hi!» lo Daniel; Sven Dufva
klunka i djupe tonar ein godsleg lått; «det vil segja,
eg kjende mor til kona hans,» la Haugum til. «Ja fanden
tru!» sa Ortvedt; Daniel, som ikkje torde segja «fanden»,
sa «skam tru».

Dei sat og skjemta ei stund um ingen ting; med ein
gong tok Daniel uppatt emnet um Endre Storr. Meier
hadde havt rett i det han sa um den mannen; Haugum
kunde segja kva han vilde. Daniel hadde lese nokre
lange stykke som Storr hadde skrive i «Den gode
Borger»; dei handla um gjødsel og guano og var det
ånd-lausaste han hadde lese. Det var dette guanokratiet —
denne «Læstedrægtigheit» som skiperen sa, heile dette

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free