Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
engelske vesen med kjøtmaskinar og matstrev . . Daniel
vart so ordhag at Haugum kjende han kje att. Men,
meinte Daniel, det var nettupp dette kjøtvesen me skulde
slåst imot! Me var åndens vigde prestar, som
professoren hadde sagt; me var søner av folket og berarar
av den store folkesak; og me måtte vera på vakt mot
slike som denne Endre Storr. For matstrev var her
nok av i landet. Folk brydde seg ikkje um det som
var stort og fagert og høgt på jordi; dei berre låg og
streva etter det som gav i gryta og fyllte i pungen;
ikkje sans eller syn for sant menneskeliv; det åndlause
matstrev låg som ein trolldom yver landet; folket måtte
bli vakt; det måtte ånd inn i livet, ånd, tankar, poesi . .
kandidat Meier var ein bra kar; han vilde vera
folke-høgskulelærar; og det burde me bli alle i hop; men ein
prest kunde dg gjera mykje godt; kapellan Hirsch som
hadde vore hans lærar . . . det var . . . det var . . .
ein framifrå mann; «hadde ikkje han vore, so hadde
ikkje eg sete her!» Daniel mest grét av øl og kjærlege
tankar; Haugum hadde aldri visst at der var so mykje
eld i guten. Og han tenkte på kor sant det då i
grunnen var, at under den kalde bondehamen banka tidt dei
varmaste hjarto. —
Daniel var modig som ein Akilles; slo i bordet med
ølglaset og sa «skål! — En skål, mine herrer! for
kapellan Hirsch og alle som er liksom han, og som vil
være med på å løse det norske folk or trolldomen!
Skål!» — «Ja, den skåli kann me nok drikka,» meinte
Haugum; og Daniel høyrde med djup glede, at Sven
Dufva for seg sjølv sa «bravo».
— «Og nok en Skaal for dig min Ven!
og for de norske Piger I»
song dei inne i salen i vilt kor; no hadde elskhugen
fenge makti. «Hi-hi-hi! kor glade dei er!» lo Daniel;
straks etter tok han i og song med:
— «Og nok en Skaal for dig min Ven f
og for de norske Piger I»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>