- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
87

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

— den fyrste lina var til Sven Dufva, som han dunka
i ryggen av venskap; og den andre var for . . , ja,
denne gongen tok han Berta Maria med. Og då han
hadde vore so streng mot henne i heile kveld, so tenkte
han på henne no med so mykje større mildhug. —

«Ja, — hikk! — for de norske Piger!» sa han og
drakk. «Kvinnen må vi ha med oss . . . Freya . . .
Freya med sine gu—hikk! — gulltårer . . . Men!»
— skreik han upp, «slike som arbeider for guano —
hikk! -krati — og skriv i «Den gode Borger» . . . det
skal vi ikke ha — hikk! — ha noget av. Hi-hi-hikk!
eg er nok litt gl — hikk, litt glad i kveld; men . . .
hi-hikk! det gjør ingenting . . . Mine herrer! Skål for
— hikk! — Skål for — hikkl — Skål for de norske
Piger!» —

— Haugum og Sven Dufva hadde ikkje lite strev
den natti, fyrr dei fekk Daniel Braut heim.

VI.



Daniel hadde høyrt at yverhøyringsprøva skulde vera
lett; men då det bar til, fekk han anna finna.

Han var låkt fyrebudd; hadde havt for mange skular
og skulemeistrar. Og dei hadde arbeidt kvar på sin
måte. No stod han der med hovudet fullt av ymist og
altslag i ruve og røys; sùmt var ferdigt og sùmt
halvferdigt; der var ikkje samanheng i nokon ting.

So var der ikkje anna å gjera enn å »pugg-lesa».
Det galdt livet no. Dei som hadde hjelpt han fram,
venta at han skulde klara seg. Og gjorde han ikkje
det, so vilde alle vegar stengjast. Det ein ikkje kunde
på annan måte, fekk ein då kunna på pugg; sidan, når
ein vart student, fekk ein taka det heile uppatt frå
grunnen av.

Dag og natt sat Daniel upp i det myrke loftet sitt
og las. Sveitta og las; las so han svimra. Heile verdi
kom burt for han. Han gløymde både sol og jord,
bade heim og himmel; og når han ein gong um dagen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free