- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
88

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var ute og skulde få seg tmiddag», dreiv han gjenom
byen som gjenom ein stor, tom draum.

Og so ille varmt som det var! August-soli gjekk
gjenom himmelen som ein brennande eld, og lufti låg
tung og heit som ein eim yver byen. Ute og inne var
like fælt.

Våt um halsen, kleissen på hendene, med tunge dropar
på den bleike panna sat han og streva. Flugor for og
song og surra nerveskjerande inn mot kinn og øyro,
sette seg på den våte varnæme hudi so det bivra i
holdet, flaug og kom att, snurra ikring han nærare og
nærare, støytte inn mot nosi, øyro, skallen hans med
sin ævelege surr og sine priklande små klør; han sveitta
av møde, fikta ikring seg endelaust og fåfengt, drap
dei når dei heldt brudlaup i håret hans, men var like
nære; og so las han. Men når han utasa og utmødd
la seg og skulde sova, so var det same naudi; han låg
og vreid seg i kvævne halvdraumar og kava med det
fluge-helvete som aldri fekk ende.

Det var ikkje stort svalare um natti enn um dagen.
Når august-soli frå morgon til kveld hadde steikt
taksteinane yver hovudet hans, var dei som gloande jarn;
og det låge loftsromet heldt seg døynende
badstove-heitt til langt ut på morgonsida. Og aldri surra
fluge-dansen galnare enn um natti.

Men ute i fri luft kunde han ikkje lesa. Det var so
mangt som lokka augo og tankar der; han sat og glodde
på tre og blomar og drøymde um Berta Maria og Inga
Holm og altslags tøv, og gløymde heile eksamen. Lufti
var fyllt med dirrande blenkjing, med låt og ljom og
alle slags liv; eksamenstankane døydde i den som
små-troll i sol; han var nøydd til å stengja seg inne.

So sat han der innestengd; streva og las; røykte,
drakk vatn og miste mathugen. Dag for dag kjende
han seg armare; dag for dag måtte han stiva seg upp
på nytt. Og di meir han las, di meir hadde han att
å lesa, totte han.

Ein dag råka han Sven Dufva på gata og jamra si
naud for honom. Sven Dufva sa at den beste rådi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free