- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
89

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var å drikka kinavin. «Den brukar eg,» sa Sven Dufva;
«og den både kveikjer og styrkjer.» So kjøpte Daniel
kinavin. Og når han vart altfor trøytt og arm, drakk
han av den og totte han vart betre.

Det vart ein lang strid, Var ein ferdig med eitt fag
og hadde lese seg mest troten på det, so kom næste
faget, som var likso vrangt; og i selen att laut ein. Det
røynde for ålvor på helsa no; um natti, når Daniel låg
og ikkje fekk sova, av di hovudet verkte og flugone
surra og alle dei grammatikalske reglane dansa i hausen
og banka og hamra som «timbremenner» etter ein rus,
då kunde det henda at guten flaug upp i skjelvande
redsle og trudde han skulde bli galen.

Og han som hadde vore so glad på russedagen, og
trutt at det verste var yver då! Han hadde ikkje visst
kva som fyrestod. Og han hadde ikkje visst, at
russe-laget var for den sanne russen, men ikkje for slike som
braut seg inn i det akademiske riket fabrikkvegen.

Den sanne russen, som var av påliteleg folk, og som
hadde sove seg fram gjenom ein påliteleg latinskule,
han slapp igjenom det munnlege nokolunde lett; for
både måtte ein gå ut ifrå at slike gutar hadde lært det
dei skulde, og dessutan var det i grunnen det skriftlege
det spurdest um i dette landet. Men fabrikk-russen
hadde universitetet ein naturleg mistanke til. Det var
folk med ukjende namn, som tidt såg svært lite
akademiske ut, og som dessutan kom stormande inn i dei
heilage haller som tjuvar og røvarar gjenom ein galen
port; slike karar måtte ein sjå på tennene. Kamelar
var det, som skulde gjenom nålauga; og mange «strauk»,
vann seg ikkje igjenom, anten dei no var kamelar, eller
um nålauga stundom vart altfor trongt. Meir enn ein
gong hende det, at det etter eksamen kom bod til
«Gamlen» frå universitetet, at han hadde tapt sin
«demisjonsrett»1; altfor mange av gutane frå skulen
hans var «strokne». Men då kunde det og henda, at
Gamlen på ein svært tydeleg måte viste bodberaren,

’ dtmissio: nedsending (her ned- eller utkasting), dtmissio:
burt-sending, frigjering (i skulemålet: slutt-prøve).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free