- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
91

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

von um a få laud *; han hadde gjort det godt i fleire fag,
og i historie og geografi viide han ha i, i. Men no fekk
den voni fara. Når han ikkje fekk lesa på fransk og tysk, so
kom dei fagi til å øydeleggja laud’en hans i alle tilfelle.

Forunderleg nok gjekk det godt i tysk og fransk.
Og no var han trygg på laud. Han gjekk og hugga
seg med å tenkja på, kor glade dei skulde bli, dei som
hadde hjelpt han fram, og kor staut det vilde vera å
kunna skriva til Inga Holm: «Student med beste
karakter». Men so gjekk det gale i historie og geografi, —
dei einaste fagi han kunde. Til yverhøyrar fekk han
ein gamal vrangpeis, som spurde um alle slags ting
som ikkje stod i boki, og spurde på slik ein underleg
og urimeleg måte; og til domsmann fekk han sin gamle
historielærar frå latinskulen, Robert Djevelen. Dette
siste var det iser, som gjorde guten fortumla. Robert
Djevelen var han redd; og då so yverhøyraren gav seg
til å vera vrang, kom Daniel reint utav det. Han svara
burti hytt og vér og stod stundom heilt fast; og enden
vart, at han fekk 3, 3 i staden for I, i; dermed var
laud’en sprungen.

Han kunde ikkje forstå slikt! Det var ei rangvise
so yver all måte! Vera so nære laud, og so ikkje få
det; og falla på dei fagi han kunde best! Kunde
Vårherre tillata slikt f— Han stod lenge utanfor døri; venta
halvt um halvt at professoren skulde koma ut og segja
at det var eit mistak; slikt kunde ikkje bera til; vel
hadde han gjort det mindre godt i dag; men sensor —
sensor visste at han kunde historie; og Vårherre vilde
hjelpa til; der var då vel rettvise i verdi! Skulde ein
mann lida skade på kanskje heile si framtid, berre ein
gamal surpose av ein professor var i ulag? Det kunde
ikkje bera til; det kunde ikkje!

Men Daniel fekk sjå at det kunde. Yverhøyrar og
domsmann kom ut — og gjekk sin veg. Dei såg ikkje
på han ein gong. Dei syntest ha det best? samvit.
Og Robert Djevelen gjekk og smiska for professoren,
smiska og smilte og gjorde seg blid, flikreblid . . .

1 Land: ros verd.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free