- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
92

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Då koka det upp i Daniel eit etande sinne, og han
sa «fanden» for fyrste gong i si tid.

Heimyver rusla han; harma seg sjuk. Han skulde
havt laud! Hadde det i grunnenI men fekk det ikkje.
Hadde han berre ikkje vore so nære ved! Og hadde
ikkje historie og geografi vore hans beste fag! At slikt
kunde henda! No skulde han gå i heile sitt liv og ha
haud1 til artium, og det berre av di ... i grunnen av
di han hadde havt Robert Djevelen til domsmann.

Han slengde bøkene i femte veggen og sparka etter
dei. So sette han seg trøytt og leid ned på ein stol
og seig burt i myrke tankar.

Rett som han sat, trappa han i golvet. Han kunde
ikkje koma ifrå dette harmfulle minnet. So nære laud.
Og so ikkje få det. Hm. Her sat han. Var ferdig.
Ferdig med eksamen. Var student. Denne dagen hadde
han lengta etter so lenge og so sårt. No var dagen
komen. Men han tenkte ikkje på å vera glad. Harm,
arg, leid var han.

Han gjekk ut; ein fekk sjå å finna foik. Finna
einkvan å tala med. Men han fann ingen. Dei hadde
vel kvar nok med seg og sitt.

Ei tung modløyse tok guten. Han var so åleine.
Kameratar hadde han, men ingen ven. Ikkje Berta
Maria dessmeir brydde seg um han; hadde ho det gjort,
so hadde ho ikkje vore so mykje ute um
sundagskveldane. Han var fatigmanns son og hadde fatigmanns
lukke. Og når det leid av ei stund, so kanskje han
svalt i hel. Eller måtte på arbeid.

Han hadde skrive til Jens i Larsebakken etter eit
tilleggslån på ioo dalar efor at kunne tage andeneksamen
i en fart»; og han hadde tydeleg vist, at det vilde vera
til bate for Jens sjølv, dette. Men vilde den moldtrælen
forstå det f

Og han som hadde tenkt å béla til Inga Holm, når
han vart student! A jau. Ein student med haud. Og
utan pengar. Det skulde bli friar, det! Då kunde
hønsi på klokkargarden gjerne kakla og gjera narr av

1 Haud: godt, non: ikkje verst.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free