- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
93

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han. Og då var det vandt um gamle klokkar Holm
baud han med seg til middags.

Dei gamle hadde sagt, at fatigdom var synd. Det
var ei diger lygn. Fatigdom var ulukke. Den verste
og tyngste ulukka på jordi. —

«Goddag, Braut!» sa Aslak Fjordan; «oh-oh! du gjeng
ikkje fort, du!» Daniel skvatt upp: «Goddag, goddag!»

— og dei kom i samtale. Aslak skulde upp til student
Hærland og få «slå i seg det grøvste av syntaksissen»,
sa han; det var slik ein tråvar i latin, den Hærland’en.
Og i morgon skulde Aslak upp i latin, men kunde
oh-oh oh! — kunde, forsyne seg, ikkje det grand. Huff;
fæl bask, dette. I gresk hadde han vore sjuk, som dei
andre non-istane; og i aritmetikk hadde han 6, so han
måtte «kontinuera»; det gjekk vel helst til dunders med
heile svarvestolen.

Uheppen hadde han vore frå fyrst til sist, og vore
ute for alt slag fanteskap av professorane. «Ja enn eg
då?» sa Daniel. «Hoh-oh-oh! men i eitt fag var eg
heppen,» heldt Aslak fram, «og det var i historie!» —
«Just det var eg . . .» — Hoh oh-oh! ein skulde aldri
høyra slikt! Aslak hadde slege upp — reint blindt-—
tri stader i heimssoga, og lært dei; og meir historie
kunde ikkje han; då han so kom upp, fekk han —
plent desse stykki; han hadde fenge i i historie, hadde
ikkje den tullebukken den professoren kome toskande
med den franske revolusjonen. No fekk han 2; men
den tvoa kom kanskje endå til å berga eksamen for
han.

Aslak lo og fortalde so han kom i godlag; Daniel
kunde sistpå ikkje stura lenger han heller. Han fortalde
um si eigi sogeprøve; og det letta svært å fa lagt sin
vanlagnad fram. I det heile var det godt å råka folk
for den som hadde vore so lenge bokteken. Den tyngdi
han hadde kjent som ei klemming yver både heile og
bringe, den losna og letta som skodd yver skogen.

Då Aslak fyrst var komen på los, hadde han ei mengd
med eksainenssogor; og Daniel høyrde på dei og vart
modig; det var dei som hadde klara seg låkare enn

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free