- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
94

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han. Sidan rusla han åleine ut etter vegen og var ikkje
verst i lag. Det var likevel ein god ting å vera ferdig.
Og hadde det ikkje gjenge godt, so kunde det ha gjenge
verre, fekk han trøysta seg med.

Her ute var fritt og fagert. Augustlufti låg fin og
biå yver eng og skog, tindrande rein; det var so klårt,
at ein kunde skilja tretoppane langt uppe mot
himmel-syni. Akersbygdi låg bleiknande og ven med sine åkrar
og kjel vor millom lundar og linne bakkedrag; lengst
nede glima fjorden innunder Oskarshall, kvit i den sterke
solglimen. Men fjellgarden i vest drog seg i mjuke, fine
bylgjedrag gjenom den solklåre lufti som yndefull, kraftig
plastikk.

Daniel såg at dette var vent; han hadde vore so
lenge frå det. Og lufti her ute var som vin, ho gav sin
mann mod; — skulde han endå våga seg til å senda
friarbrev? Eller skulde han drygja til han hadde
andre-eksamen ?

Ein sann student burde vera trulova. Og det var vondt
å vera so åleine i verdi. Ingen var sæl, utan han åtte
eit trufast hjarta som med kjærlege tankar kunde fylgja
han i hans strid. Berta Maria, stakkar, ho var snild og
god; men ho var berre tenestgjente, Det var idealet
ein måtte nå. Han kom sistpå til lags med seg sjølv
um, at dersom Jens i Larsebakken sende pengar, so
vilde han fria; men elles fekk det vera til etter
andre-eksamen.

Han skulde til å siga ned i sine pengesorger att, men
hugsa so at ein sann student burde ikkje tenkja på
pengar. Det var poetisk å vera fatig; ein sann student
skulde leva for ideen og lata kræmarar og bønder syta
for mynt og mat.

I det heile: han fekk hugsa at han var student! —
og ikkje gå her og innbilla seg at han var skulegut og
bonde enno! Drøyma um sine framtids-voner skulde
han; um det arbeidet han vilde gjera ein gong; det som
gjorde studentlivet idealt, det var dei store draumane.

Kapellan Hirsch var det han sistpå kunde takka for
alt; og han måtte ikkje koma til å trega på det han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free