- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
95

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde gjort, denne gjæve mannen. Og Haugum, og
Rud, og dei andre gilde gutane, dei skulde få sjå, at
matstr—materialist var Daniel ikkje.

Når rett var skulde han bli folkehøgskulelærar som
Meier og Massmann. Nå; det dugde han vel ikkje til.
Men so fekk han bli ein prest av same slaget som Hirsch,

— so godt som han kunde.

Med ein gong hugsa han, at han hadde gløymt å tinga
seg duskeluve. Då snudde han og gjekk til byen att so
snøgt han kunde. Det var best å vera trygg. Enno
kjende han seg ikkje rett student. Og ikkje såg han ut
som student heller. Men når han fekk duskeluva, og
so borgarbrevet, so skulde vel det greida seg. —

— Immatrikuleringsdagen kom.

Daniel Braut drog på seg sine svarte klæde og sette
høgtidsamt duskeluva på hovudet sitt. No var han
student. Med bankande hjarta gjekk han framfor spegelen.
No hadde han nått sitt store mål; no vilde han sjå seg
sjølv. Han venta å fa sjå eit hamskifte.

Duskeluva sat ikkje rett; han drog ho meir ned mot
det eine øyra. Men endå sat ho ikkje rett. Han drog
ho ned mot det andre øyra. Men det hjelpte kje heller.
So sette han ho midt på skolten; — like nære. Han
freista på al! vis; sette ho lenger bak, eller lenger fram,
lite meir på skakke, lite mindre på skakke; det nytta
ikkje. Det var som duskeluva ikkje vilde høva åt hans
hovud.

Daniel kolna der han stod. Han freista på nytt; la
dusken bak; la dusken fram; la dusken midt på aksli;
nei. Det vart ikkje den rette svingen. Og frakken, —
frakken sat, som alte frakkane hans hadde sete. Han
såg ikkje ut som student. Han var ikkje student. Han
var ein forklædd bonde.

Bleik og modfallen stod han og glodde på seg sjølv
i spegelen. Han totte han vart seg sjølv so framand.
Det breide godslege andletet hadde vorte langt og magert.
Munnen såg styven ut; og augo, som ein gong hadde
vore so blanke, hadde krympa seg i hop og vorte
raud-sprengde og dauv-vorne. Men akslene var gruve; han

7 — Garborg: Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free