- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
96

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

såg liksom nedtyngd ut; laut retta seg upp når han
vilde nå si høgd; annarleis hadde han set ut i sine
studentdraumar. Nå; det laga seg vel. Men kald um
hjarta rusla han til universitetet etter det akademiske
borgarbrevet, som han no skjrna ikkje heller kunde gjera
underverk.

Og då han kom der upp, og såg på alle dei unge
bystudentane, som kom strjukande fine og lette som
fuglar i sol og bar duskeluva so flott og fjongt som ho
skulde vera støypt til dei, då kjende han seg framand
i dette laget. Han hadde berre ei trøyst, og den var
skral: dei andre bondestudentane tok seg for det meste
ikkje stort betre ut enn han med duskeluva.

Festsalen var full av svartklædde, bringekvite fine
herrar. Det var so det stod svalt av all denne galla.
Det skulde mod til å gå inn. Daniel totte han kom
som ubeden mann til gjestebods; det kom for han, at
dei fine herrane såg med uhug på bondeguten som
vilde trengja seg inn i deira lag. Med det same han
hadde sett seg, byrja festsongen; det ljoma so vent i den
høge halli. So modigt; so fast; so trygt. Daniel styrktest.
Han sa til seg sjølv: du hev rett til å vera med; du
er student.

Det fekk vera som det kunde med duskeluva; godt
var det å ha berga seg frå åndløysa og råskapen der
ute og hit inn i desse reine, rolege haller millom ideens
presteskap. «Hellig, hellig, hellig er studentens kall!»
tona det frå songarlaget i klåre store harmoniar, og
Daniel song i sitt hjarta med. Han lyfte åhugsamt sine
augo upp mot takfrisa; der såg han gudane, dei gamle
klassiske gudane, stå og tenkja og grunda, støypte i
gips.

Det var professor Darre som heldt talen. Han la ut
um, at vitskapen hadde sitt må! i seg sjølv. Sistpå
kom det eit par av tankane frå russetalen; so slutta
professoren med ei lovprising av det ideale
studen-terliv.

Daniel høyrde på visdomens ord med djup og
hjarteleg vyrdnad. Han totte det var so sant og so godt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free