- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
97

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men då professoren kom til det ideale studenterliv,
tenkte han med seg sjølv: gjev Jens i Larsebakken
vilde senda pengar.

So skulde dei nyfødde ånds-adelsmennene fram og
få sine borgarbrev og gjeva lovnaden. Det var ei lang
mønstring. Dei fleste var bystudentar, folk med store
plattyske namn, og med dette serskilde fine lag, som
Daniel badde undra seg yver i alle sine dagar. Men
ender og då kom det trampande ein homo novus,1 ein
Aslaksen eller ein Bragettad; og Daniel såg med
veksande uro, kor lett det mest alltid var å kjenna dei frå
der andre. Dei hadde ikkje svingen. Brevi sine tok
dei imot med stive keivhendte tak og innbilte seg at
dei bukka, men det vart berre ein rykk i nakken; andre
tverrbøygde seg som dei skulde gå av på miden.
Daniel vart mindre og mindre der han sat. Og no skulde
han fram. «Herr Daniel Olsen Braut.» — Han dukka
upp; steig fram so godt han kunde; samla ikkje klårt;
salen låg som t skodd og susing, og endå var det
so uhyggeleg stilt. Kvite kragar og andlet lyste
utydeleg fram or skoddi liksom store tome augo; i ein
benkekant snåva han; det gav eit brak; so steig han
tvo steg fram på tærne; fekk tak i brevet; innbilte seg
at han bukka, men det vart berre ein ryjck i nakken;

— og so attende til plassen sin, sveitt, men glad fordi
det var yverstridt; det varde ei stund fyrr han torde
sjå upp att.

Han tok til å tenkja, der han sat. Hugsa Dølen og
hans hunar og vandaler; der var visst meir i det enn
Dølen hadde visst. Når ein av dei plattyske kom, var
det som det skulde vera eit anna folkeslag. Det var
ikkje sagt at dei var fagre; det var ikkje sagt at dei
førde seg godt dessmeir; dei kunde vera stygge som
arvesyndi og keivelege som trehestar, — og likevell
Likevel såg ein at dei var «Herrar». Dei hadde i all
si ferd noko trygt og sjølvbyrgt; dei hadde det som
Horats kalla frons urbana; og når alt kom i hop, so
var visst det det sanne daningsmerket. Var dei fødde

1 homo novus: ukjend (ættlaus) mann.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free