- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
101

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Larsebakken hadde fortalt, at bror hans, han Lias, hadde
teke skjerp på fleire «lovende» malmgruvor. —

— I Studentsamfundet var han nokre kveldar og
vilde sjå på det store studentliv. Men det var so
høgtidsamt der. Han kom reint burt i denne lange, store
salen, miliom all den mengdi av kaut ungdom; og han
sat og høyrde på avisupplesingi og ordskiftet so still som
i ei kyrkje. Men ordskiftet gjekk um eit haustbali, som
sume endeleg vilde ha; og det var merkeleg kor kvike
dei var til å rengja um ordi for kvarandre og
redi-gera kvarandre •in absurdum».* Daniel høyrde med
vyrdnad på desse store talarane og tenkte med seg, at
slikt kunde ikkje han læra. Men langsamt var her;
han sat berre og stunda etter at dei vilde slutta.
Endeleg kom toddyen. Men det var ikkje som i russelaget.
Ein måtte sitja so stiv som ein stake og høyra på
lange talar; fyrst når det leid ut på natti ei stund,
vart her noko meir liv. Men når det leid so langt, so
slutta dei.

Dette var vel i røyndi det ideale studenterliv? Men
ein kveld sette Aslak Fjordan i med ein hivande lått
og svor på, at verre tull hadde aldri han vore uppi.
Og då Haugum so halvt hadde samtykt i dette, var
Daniel heilt med. Dei vart samstelte um at det ikkje
var den rette ånd i studentlivet no; og då dei
skil-dest, bad Aslak dei koma heim til seg næste
laurdagskvelden ; der skulde dei ha det mykje gildare enn i
samfundet, meinte han.

Laurdagskvelden kom; og Aslak heldt ord. Det var
eit heilt lite lag; og der var liv i laget. Eit par av
gjestom, miliom dei ein student Hærland av
«Frams»-klikken, sa Aslak — var nye for Daniel; men snart var
alle kjende. Samrøda var straks i gang. Professorane
vart ymist dømde; so kom vitskapsspursmål upp; serleg
galdt det filosofien. Haugum var i beit med
«overgangen» frå ,intet’ til ,tilværelse’ og bad Hærland greida
dette; Hærland lo og spurde, um Haugum meinte at
slikt var til å «forstå». «Kann De finna ein norsk stu-

1 redigere in absurdum: gjera lil narr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free