- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
102

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dent som har lært å forstå den Hegelske logikken,» la
han til, «so skal eg ikkje vera ærleg mann». Då lo
Aslak med sin store lått og sa at det vilde han pinedød
tru; diktaren Gregus Johnsen nikka.

Frå logikken kom dei til etikken, og frå den til
politikken. Hærland og Aslak var republikanarar, dei
andre konstitusjonelle; og det vart varm strid; dei
einaste som ikkje var med i ordskiftet var Ortvedt, som
totte dette gjekk for høgt, Gregus Johnsen, som fann
det prosaisk, og Daniel, som hadde nok med å høyra
på. Dessutan visste han ikkje rett kven han skulde
halda seg til; han heldt i grunnen med Haugum, men
hadde likevel best hug til å stydja Hærland, som var
ein kvass, ordsterk kar.

Men um ei stund vart Aslak leid av ordskiftet og
vilde ha samhug og hjartelag; so sette han i med
skakande mål: «Ja vi elsker dette landet». Det hjelpte.
Haugum gløymde kongedømet og republikken og song
i med glad jubel: <som det stiger frem»; Daniel og
Gregus Johnsen fylgde etter; Hærland kunde ikkje heller
halda seg, men kom med pa «de tusen hjem».

Og dei song og song seg varme. Det eine verset
tok det andre; og for kvart vers vart dei gladare og
meir uppglødde. Då dei sistpå med sterke røyster
hadde svore:

«Også vi når det blir krevet,
for dets fred slår leir»!

klinka Haugum på glaset og bar fram i stilslege ord
ei skål for fedrelandet. Han hadde ikkje mykje å
segja, og det vart ingen tale; men det var so godt
meint. Der var stilt i laget med’ den skåli vart drukki.
No fann Gregus Johnsen at hans tid var komi; han
spurde blidsleg, um herrane hadde lese det siste diktet
av Bjørnson. «Ja,» svara Ortvedt snøgt; men Daniel
var truskyldig og sa nei; og so gav Gregus seg til å
segja fram diktet. Han deklamera stridt; og det vart
ikkje mykje klapping. Men Haugum reis upp og heldt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free