- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
103

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein tale for Bjørnson som vekte slikt samtykke, at Gregus
prøvde seg med ein tale til um det emnet. Av den talen
tok Hærland seg tilføre til å taka på «skandinavismen»;
Haugum la imot; men det viste seg snart at dei i
grunnen var samde. Og no var dei komne so langt med
toddyen, at dei tok til å blidkast; og laget skilde seg
sund, Ortvedt fortalde um eit fyllelag som hadde enda
med, at verten skaut etter gjestene med revolver;
Haugum og Hærland dryfte riksstell; Gregus haka seg
fast i Daniel og greidde ut um si vanheppe til
eksamen, Han hadde vore uppe tvo gonger; men det Daniel
måtte vita var, at han ikkje var skapt til eksamenshest.
Han var skapt til noko anna, noko som han for sin
part trudde var høgare. Han visste ikkje um herr Braut
kunde vera med han på, at poesien var det høgste i
livet . , , «jau, jau,i ropa Daniel; «poesien, — jau;
det er just mi meining og; der er ingen ting, som —!»

Gregus var glad yver å høyra det. Der var so mange
filistrar no um dagen, og det endå millom studentane,
filistrar vilde han segja, som ikkje hadde syn for dette,
at poesien var den øvste livsmakt. Men det forstod
Gregus; og ingen skulde få han ifrå det, Å spenna
han for eksamenskjerra, det var som å ... ja, han
vilde ikkje bruka det biletet han tenkte på. Folk snakka
um åndsutvikling, um tanketukt ... ja, Gregus hadde
lese filosofi og eit og anna slikt; men . . , dei kjende
ikkje åndi desse folk; dei hadde aldri kjent åndi brusa
gjenom seg på breide venger; Gregus vilde segja at
dei hadde ikkje det, når dei trudde at dei kunde binda
åndi til reglar, og segja at so og so skulde dei tenkja,
og so og so. Liksom åndi ikkje gjekk sine eigne
vegar!

— «Ja syng den,i ropa Aslak Fjordan; «syng den!»

— Haugum sette i med roleg, mild røyst; alle lydde:

«Jeg har baaret Lserkens Vinge,
jeg har sunget højt dens Sang;
jeg har følt jeg skal mig svinge
ind til Paradis en Gang,
ind til Paradis en Gang.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free