- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
104

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Songen kom til rett tid; Haugum måtte syngja han
uppatt. Hugmilde og hugvarme sat dei og lydde og
drøymde uppatt sine barndomsdraumar um englane og
Gud fader. Det kunde til kvardags henda at dei kom
i tvil um eit og anna i kyrkjelæra; men i stunder som
desse kom alt det gode og varme hjartelaget upp i
dei, og dei trudde som born. Sjølve Hærland vart
riven med. Blid-øygd og bringevarm sat han og lét
seg glida inn i fredsæle kyrkje draumar; sistpå banna
han på, at dette var det høgste og djupaste i oss, kor
mykje me so streva med å tvila og fornekta.

Um ei stund var dei komne inn på eit nytt emne:
kvinna. Eit langt kapitel vart det. Dei gjekk heile
skalaen igjenom, frå «idealet» — skål for kjærasten!
«Mulniet sank, det svale» — og nedetter, til dei nådde
botnen. Då sette Ortvedt i med eit lite skralt, brestande
mål og song um «Samson som clskede Daliladalila,
da-liladalila»; og no gjekk det laust; Daniel, som tenkte
med hjarteverk på si arme Berta Maria, kunde ikkje
reti lika seg. Gjenom ein naturleg tankegang kom dei
frå dette inn på uhuglege ting, sjukdom og medisinsk
styggedom, so Daniel til slutt sat reint og fælte. Då sa
Aslak «Skål!» og slo i seg resten av glaset. «Var det
det andre eller tridje?* lo han og laga på nytt, og mana
på dei andre, at dei fekk sjå å koma etter. Men då
Ortvedt endå heldt på med sine hospitalssogor, stod
Aslak upp og sette i med eit mæle som kunde vekkja
daude: «Sjung om studentens lyckliga dag*.

Visa kom til rettan tid. Haugum reis upp og song
med; snart gjekk dei og dreiv på golvet og song alle
i hop; men til endes på verset kom dei ikkje; samrøda
tok dei att, ein etter ein. Dei hadde fenge so mykje
i tala um no; tvo og tvo eller tri og tri stod dei
burtetter golvet og prata; og rett som det var måtte dei
burtåt bordet og «skåla». Det vart livlegare og
livlegare, og rødone gjekk sterkare og sterkare, liksom ein
sjø nar det aukar på og blæs. Sume antra um kvar
det var best å få middagsmat; andre disputera um dei
tri personane i guddomen. Og 110 kom det fram mangt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free