- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
111

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjentor var der nok av arbeid å fa; men for ein student
som ingenting kunde, var der ingenting.

Daniel Braut vart redd.

I si naud gjekk han til Haugum. Han måtte tenkja
på å få noko å gjera, sa han, og spurde um ikkje
Haugum visste nokon som kunde ha bruk for han. Nei;
Haugum visste ingen.

Det var svært vandt å få arbeid når ein ikkje var
kjend, forklåra Haugum. Her var slik tevling um kvar
ting, hundrad bikkjor um kvart minste bein, so det
skulde lukke til å koma inn i noko, «Men gå upp til
bladstyraren av Bondevennen,» sa Haugum; «skulde
nokon vita noko, måtte det vera han.» — «Ja men . . .
kann ein gå til ein slik mann . . . og spyrja um slikt?»
«Ja, det kann ein då vel! Bondevennen er ein snild
gamal mann; berre gå du.»

Daniel tok sine kisteklæde på seg og gjekk. Men
modig var han ikkje.

Han vart vist inn i eit stort langt rom, der mange
gutar sat kvar med sitt bord og stelte med avisor. Sume
la i hop; andre la i umslag; andre skreiv utskrifter.
Daniel vart teken av ein djup age; han tenkte på eit
ord han hadde lese ein stad, at pressa var den tjorde
statsmakt. Han strauk luva av seg og helsa burtgjenom
romet; ingen svara. Dei gådde ’n ikkje; Daniel totte
han vart so liten; det kunde visst ikkje nytta å freista
her; best å gå att. Men so kom det ein liten gut. «Ska
Di snakke mæ no’n?» spurde han roleg og trygg; Daniel
vart bljug for den vesle karen. «Ja . . . det var . . .
redaktøren.» cVers’go! inn der!» sa guten, peika og
gjekk. Daniel inn gjenom ein gang; stilt, varleg; den
fjorde statsmakt, den fjorde statsmakt! Romet kvitna
av papir; lufti var full av papir-rasl som av ei kvass
kviskring.

Stilt og høgtidsleg banka Daniel på døri. Ingen svara.
Ein gong til; noko fastare; — «kamm-inn!» sa eit tvert
mæle liksom langt inne or ein kjellar. Daniel let
varleg upp og steig inn, audmjuk som skulde han fram for
kongen.

8 — Carborg: Bondestudentar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free