- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
112

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var ingen inne. Romet var ikkje stort, heller
ikkje ljost. Men stygt var det, og ustelt. Midt på
golvet stod eit bord fullt av papir og gamle avisor; for
bordenden stod ei stor kipe eller korg full av same
slaget; bøker og pakkar låg og slong burtetter golvet;
ei stor bokhylle lengst inne stod halv-tom og glein og
gapte yver nokre årgangar av Bondevennen og
Stor-tingstidende; eit par pinnestolar stod og dreiv her og
kvar, der dei sist var sette. Men i eit lite kot
innan-fyre såg Daniel ein grå rygg, som sat og lutte
framyver ein pult; skulde det vera Bondevennen?

Den grå ryggen vreid seg rundt; Daniel fekk sjå eit
bleikt, surøygt andlet med tunt, raudt skjegg kring tunge,
posne kjakar; munnen var breid og keid, men sa
ingenting. Daniel vart ille til mods. «Er det. . . redaktøren?»
spurde han; skulde vel sagt «herr redaktøren», men
fekk det ikkje til. «Han kommer straks,f var svaret;
«sitt ned!» Dermed snudde andletet seg burt att; og
Daniel såg på nytt ein grå rygg som sat og lutte
framyver ein pult.

Daniel gav seg i kast med den eine pinnestolen og
fekk sett seg. Han var glad for at den grå ryggen
ikkje var redaktøren, men kjende seg uroleg når han
tenkte på at denne store mannen snart skulde koma
. . . stigande inn breid og majestetisk, grundande på
landsviktige reformer; kva skulde ein segja til slik ein
mann?

Det banka; Daniel skvatt der han sat. «Kåmm-innl»
sa den grå ryggen; og ein liten mager, halvgamal fyr
smatt inn, snau og snøgg, med eit lite forunderleg
katte-andlet. Han hadde ryggen halvt krum til helsing,
men retta seg då han ikkje såg redaktøren; smatt so
med lettvinne magre steg burtåt indredøri; Daniel kjende
på seg, at mannen var skreddar. «Goddag!» — Den
grå ryggen vreid seg. «Redaktøren ikkje inne?» —
«Nei.» — «Kjem han snart?» — «Å, i morgon.» — «I
morgon?» — «Fyremiddag ein gong» — «Men i dag var
eg her inne i ekspedisjonen; og då sa dei at han kom
her i ettermiddag?» — «I morgon fyremiddag som sagt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free