- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
113

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Høyr innum klokka n til i.» — «Ja ja. Men det var
elles dette stykket, forstend De , . ,» — «Kva for eit
stykke?» — «Å, dette um luksus . . , um kor gale det
er med all denne luksus’en» ... — «Nå—?» — «Han
lova det skulde koma; men det drygjer so lenge no;
eg vilde gjerne vita um det ikkje kjem snart!» — «Ja,‘
De fær snakka med redaktøren.» — «Og so vilde eg
gjerne vita, um eg ikkje kunde få noko for stykket . . .
Det er ikkje greidt å klara seg i desse tider . . .» ■—
«Høyr innum i morgon klokka li til I.» Andletet snudde
seg burt; den grå ryggen viste på sin måte skreddaren
døri. «Godt, godt,» sa skreddaren, han stod og bytte
føter og liksom dansa; «i morgon II—I . . . Ja,
god-mår’n då!» Han vimsa ut att med lange steg, og det
viste seg at han hadde måne.

Daniel lika seg ikkje der han sat; det var uhyggeleg
her, og visst lite å venta. Han våga seg burti døri og
spurde vyrdsamt, um det var so at redaktøren ikkje
kom fyrr i morgon? — «Kommer straks,» knurra den
grå ryggen. Var det elles noko han kunde greida? —
Mja — nei, det var . . . Vilde han kanskje ha arbeid
i bladet? Var han burtvist frå universitetet kann henda? -—
Nei, Daniel var då ikkje det. — «Nå, godt. Alle som
stryk til artium eller vert burtviste frå skulen kjem gjerne
her og vil vera bladmenner; me kunde forsyna heile
Europa med slike bladmenner; so der bør De ikkje
konkurrera. Godt, der er’n.»

Daniel vende seg bleik og budde seg til å helsa. Inn
gjenom døri snudde seg ein diger kropp i ein diger
vinterkjole; på hovudet hadde han skinnluve og for
augo eit par store hornbrillor. Daniel bøygde seg gong
etter gong. Den gamle svara ikkje; gjekk burt i ei krå
og tok av seg kalosjone og yverfrakken. So kom han
stigande med gamle, varlege steg burtimot der Daniel
stod; helsa ikkje; sa ingenting; stirde stivt gjenom
brilleglasi.

Daniel sa i snåvande hast kva det var han vilde;
gamlingen riste på hovudet og svara nei. Nei, han
visste ingenting. Han hadde hjelpt ein og annan i veg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free