- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
114

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fyrr . . . «sitt ned, gutten min!» — Gamlingen sette
seg sjølv —; «soleis var der ein, som heitte . . . som
heitte so mykje som . . . Jacob, nei, Peder, nei, det
var Jacob! nei, det var nok Peder, Peder, — Peder
Monsen . . . «Kjenner De Peder Monsen ?» — Nei.
Daniel gjorde ikkje det. — «Nåh. Ja; det var elles
ein gut som forstod å snu seg; han fekk død og pine
låna 20 dalar av meg, som han skulde betala, når far
hans fekk selt ei stor malmgruve han hadde funne . . .»
Og Daniel fekk ei lang soge um denne Peder Monsen
og hans gåvor til å snu seg; den gamle lo og kom i
godt lag. Men Daniel kjende seg meir og meir
mod-laus. Der banka det på døri. «Kom!» ropa gamlingen.
«Ja, som sagt, nu vet je ingen ting, gutten min; men
De får avertere! — Godkveld, Godkveld!» sa han til
den nykomne, «nå det var bra, De kom. Sitt ned!
Ja, godkveld, gutten min!» —Daniel gjekk; han kjende
seg so underleg kald, og so tung i føtene.

Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje;
berre sat og var modlaus Etter kvart tok han til å
drøyma. Kanskje var der ei meining i dette med.
Kanskje Vårherre ikkje vilde at han skulde binda seg
til noko arbeid; han hadde kanskje hjelpi liggjande
ferdig, og den vilde han senda når naudi var størst.
Ein dag når han kom heim svolten og trøytt, og reint
modlaus, låg der eit brev på bordet til han med IOO
dalar i og berre dei ordi: «frå ein ukjend ven; friskt
mot!» Og når dei dalarne var ende, so kom det eit
nytt brev av same slaget . . . Han sat og rekna ut
korleis han på beste måten skulde bruka desse pengane;
men han kom etter, at 100 dalar var reint for lite, og
so drøymde han draumen um att so, at no låg det 200
dalar i brevet. So banka det på døri; Daniel skvatt
upp . . . Men det var berre Gregus Johnsen.

Dagen etter gjekk Daniel upp i universitetshalli og
såg etter, um der var nokon huslærarpost utlyst. Jau,
der var ein. — hjå ein dokter burtpå Strilelandet. Daniel
gjekk att med ein gong. Vårherre kunde då aldri vilja
at han skulde grava seg ned på Strilelandet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free