- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
117

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII. - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

tærende trangt, og mit mod er saa ungt og rangt.
Derfor vil jeg nu bede dig, som er student og bekjendt
der inde, at du vil gjøre mig den store tjeneste at
skaffe mig en plads i Kristiania. Jeg kan ikke spraag;
men jeg skriver en god haandskrift og kan de fire species
og reguladetri med brøk, samt renteregning og
decimalbrøk; og mine fodringer er ikke store, naar jeg bare
kan leve der inde . . .»

Daniel heiv brevet ifrå seg so langt han kunde. Han
var for hugtung og mødd; han kunde ikkje læ.

VIII.



Ved billettgluggen på Dampen stod Daniel og fraus
og veksla sin siste dalar. Han var blå um nebben og
tung i hovudet. Og av tankar hadde han berre ein:
at ein fekk leva so lenge ein kunde.

Som han skulde inn i matsalen kom Jens Rud. Han
var nærsynt og kjende ikkje Daniel med det same;
denne vart bljug og vilde helst sleppa ifrå han. Men
so helsa Rud og spurde kor det stod til. Å takk.

Dei kom inn og til bords; Rud tok i øl, og Daniel
kom seg. Fra Hirsch kunde Rud helsa; det var slutt
med ståket der uppe no, so lenge det kunde vara; bisp
og departement hadde fenge i stand ei semje; og den
stod vel ei stund. Men pietistane var ikkje å lita på.
Dei kunde tala søtt um fred og broderkjærleik; men
dei var som svartfot-indianarar: låg på lur langs vegar og
stigar og tok skalpen av sin kjære kvite bror so snart
dei såg seg kans til det. «Ja, det er visst sant det,»
sa Daniel.

«Ja; slikt ligg me og slæst um her heime,» heldt Rud
fram. «Dåpsformularar og gamle talemåtar! Uti den
store verdi, der hev folk anna å tenkja på. Hev De
lese den siste talen av Castelar?» — Nei, Daniel hadde
ikkje det. «Ja, den må De lesa. Det er ein stormann,
den Castelar.» — «Det er visst det?» — «Ein
stormann!»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free