- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
118

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sidan fortalde Rud um dei politiske tilstand i
Frankrike. «Det er greidt, at all ungdom heretter må vera
republikansk,» slutta han. Daniel kunde ikkje finna
noko å segja imot dette, og so svara han, at det var
rimeleg. «Er De republikanar,» spurde Rud tankelaust.
«A ... i prinsippet må eg segja —; elles hev eg ikkje
tenkt so mykje yver det.» — «Nei,» sa Rud med sin
klåre, fine smil; «ein vert fristatsmann i desse dagar
um ein so ikkje tenkjer. Det ligg i lufti, ser De.» «Ja,
det er visst so?» svara Daniel.

Han sat og tenkte på Haugum og hans motgrunnar
mot republikken, men kunde ikkje få tak i dei. Og
Rud var visst meir klårtenkt.

Um ei stund sa Rud: «Gjeng De mykje i teatret?»—
«Å . . . sumetider.» — «Ja; kva segjer De um slikt
stell?» spurde Rud. Daniel vart forundra; han hadde
ingenting å segja på stellet. Men det sa seg sjølv at
Rud forstod det betre enn han ... «å, det kann visst
vera mykje å segja,» svara Daniel. «Mykje å segja?»
ropa Rud; «det er ein skandale!» Og han forklara med
heite ord, at slik som teatret no vart styrt, so var det
eit reint rengjebilete av eit nasjonalteater. Han tala so
myndigt og sak-kunnigt um dette, at han måtte ha rett;
og som Daniel no var modig og mett, sa han i full
forundring: «At folk vil finna seg i slikt!»

Rud smilte. «Me er dauve av oss, me nordmenner,»
sa han. «Det er vel so,» svara Daniel. Rud heldt fram,
lågt og løynvore: «elles er det ikkje sagt kor lenge me
finn oss i det heller.» — «So?» — «De må ikkje snakka
um dette; men det kunde vel henda at her ein god dag
. . . vart leven.» — «Leven?» — «Ein demonstrasjon,
forstår De . . . ein pipekonsert eller eitkvart slikt . . .
Vilde De i tilfelle vera med?» Daniel kjende seg gjøld
ved den tiltrui Jens viste han og svara: «Ja visst vil
eg vera med.» Jens såg på han. «Skal det vera eit
ord?» — «Lat gå.» — «Kvar bur De?» — Der og
der. — «Godt, so skal De fa bod, når tidi kjem. Men
tonn for tunge so lenge?» — «De kann lita på meg,»
sa Daniel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free