- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
119

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Då dei kom ut, sa Jens: «Kaffi?» og Daniel gjekk
med. Straks etter kom han til å tenkja på, at kann henda
kunde hau no på ein fin måte slå pengar til husleige.
Han bråstana og sa: «A nei; eg hev nok ikkje råd til
dette. Eg slo sund den siste dalaren min i dag, so no
gjeld det å spara.» Daniel vart eit grand raud; han
trudde Rud måtte forstå dette. Men i ein forundra tone
svara Jens: «Kaffien er min, veit De!> — «Å — ja

— takk,» mulla Daniel; han hadde tenkt, at Rud hadde
havt finare teft i slike ting. —

Kafé National var fast samlingsstad for Frams flokk,
og hadde stor søknad av den «folkelege» ungdomen.
Daniel såg etter Fram; men det var ingen her som han
kjende. Gjenom den halvopne døri til det inste romet
såg han eit par fyrar som kunde høyra til flokken, kann
henda; lange var dei og lurvne og minte um eit ord,
han hadde set i bladi: «Røvere fra Apenninerne»; dit
inn tok Rud vegen. Og der fann dei Fram; han sat
for bordenden og skreiv. Jens og Daniel sette seg.

Daniel såg ikkje stort anna av Fram enn eit urimeleg
langt svart hår, som hekk ned yver augo hans, og som
han stundom, men reint til fånyttes, strauk upp yver
panna med handi. Han var klædd i ein svart sidfrakke,
som var blank på olbogane av langt slit og eit grand
frynsut fram-med hendene av same årsak; mager var
karen og sped. På bordet framfyre han stod ein
or-drukken kaffikopp og ein kopp moltor; skrivepapir hadde
han ikkje; han sat og skreiv på kanten av eit gamalt
avisblad; baksida av ein subskripsjonsplan hadde han
skrive full og lagt ifrå seg. Dei tvo røvarane sat og
las avisor; det var stilt i romet; ein høyrde berre pennen
skrasla og riva i det grove trykkpapiret; Fram såg ikkje
upp utan kvar gong han var burti moltekoppen. Då
stirde Daniel forviten på dette lange, fine, sterke andletet
og på dei ljose blåe barneaugo og undrast på, at dette
skulde vera den fæle radikalisten dei tala so mykje um,
og som politiet etter folkeordet vakta kor han gjekk,
so han ikkje skulde gjera revolusjon på opne gata.

Etter kvart kom fleire av flokken drivande; og det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free