- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
121

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han til Bårdsen: *Du Bårdsen? Eg vil segja deg det,
at dersom du hengjer deg upp no, so gjer du ei god
gjerning; for ein laban er du, og ein laban vert du;
men ... lat no det vera godt. Vårherre hev bruk
for allslags folk; han hev bruk for teologar og, må ein
tru.» Dei forstod straks kvar han vilde av; dei tvo unge
teologane, som sat der burte so reinstrokne og strame,
lokka nok altfor sterkt hans vikingnatur. Serleg måtte
den eine vera Fram lysteleg å sjå til; det var ein sann
teater-teolog, med svarte kisteklæde og engleslips; det
vesle magre og samanbitne andletet bad i alle sine rukkor
og munnvikar Vårherre fri seg frå verdi, og han heldt
seg so stiv som han skulde ha svelgt eit økseskaft.

Det var desse karane Fram vilde egla seg innpå.
Han småfikta mot teologar og teologi, so det var ikkje
greidt for unge teologiske studentar å høyra på; i
fyrst-ningi gjekk det smått og halvt på lentor; han kunde
smila som eit barn yver sine kvasse ord; men augo
glødde upp sumetider, og han vart harskare og harskare.
Snart kunde guten med økseskaftet ikkje halda seg so
høg og bleik som fyrr. Han raudna og raudna. Vart
meir og meir ladd, med sanningshug og med sinne;
gong på gong såg det ut til at no kom han; gong etter
gong svelgde han harmen i seg att; endeleg braut det
laust; han kunde ikkje meir. Fram dreiv på med, at
prestane skulde vera folkelærarar; dei skulde vera som
dei gamle rasjonalistprestane, som lærde bonden dyrka
jordi; det var anna til kultar det, skulde han tru, enn
desse haruspeksane no um dagen, som var ljosredde
som rotta, og berre kraup inn til altaret og låg og mulla
yver mysteriet; då kom økseskaftet. «Undskyld,» —
måtte han vera so fri å spyrja, kven det var som hadde
gjenomført den nye skulelovi? Og kunde det vera rett å
kalla dei som det hadde gjort, for ljosredde f — Daniel fekk
med ein gong vyrdnad for økseskaftet. Men Fram snudde
seg ågangsfus til den vesle teologen og sa, at det um
skulelovi var noko humbug 1 Og han la ut på sin
ser-eigne måte, stundom strevande, og so harskt og brått,
at det ikkje var prestane som her hadde æra; den nye

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free