- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
122

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skulelovi var skapt av folkekravet nedanfrå, frå
skule-meistrar og klokkarar; lovi var ei frukt av skulelærarmøti
kring landet og av det liv som var vakt av Ole Vig;
prestane, dei hadde stødt rengt augo til dette livet; og
på lærarmøti hadde dei, um dei stundotn møtte upp,
protestera og skræmt ned all fri tale og studt fåkunna
so godt dei vann, fåkunna nedanfrå, kjerringkravet at
Pontoppidan skulde vera storboki i skulen. Det hadde
prestane gjort! Men dei soin hadde ført ordet for
skulelovi, det var slike folk som klokkarane frå det
vanvyrde «klokkaramt»; og dei som hadde gjort at her
no var meir upplysning i landet, det var dei som
teologar og andre fine folk kalla halvstudera røvarar, denne
fylking av arbeidstrælar, som sleit og arbeidde frå
morgon til kveld for maten i munnen og knapt dalaren
um vika, og som måtte sveitta noko anna enn den store
upplysningsutbreidaren presten, som på eit korter fekk
sitt upplysningsarbeid med å vigja folk i hop betalt med
5 dalar paret, ofte for ein tale som ikkje var tvo skilling
verd. Vilde nokon koma med, at skulemeistrane kunde
gjera betre arbeid enn dei gjorde, so vilde han berre
segja, at skuldi for det, den hadde ingen annan enn
teologane; for dei var lærarar på seminarskulen; og der
hadde dei proppa unggutane fulle med dogmatikk og
tullut katekiseringsøving og på den praktiske vegen med
toskut tavlerekning med so og so mange strek i den
resiskc regel og kva anna tull dei heitte, desse
teolog-rekningane frå seminariet. Og likevel hadde
skulemeistrane gjort mykje gagns arbeid; so det måtte vera
to i dei kultane, når dei kunde halda seg so godt mot
den teologiske tanketyning. «Det er naturleg nok,» sa
økseskaftet, med raud skalle og skjelvande munn, «at
alt som heiter kristendom, er tanketyning for Fram;
men—.» Fram flaug upp, gjekk motmannen på livet
som han vilde læra han logikk med nevane; «kristendom!
Gud hjelpe oss for snakk! Den resiske regel
kristendom ! Og Pontoppidan! Han vilde spyrja kvar vitug
mann: kva tykkjer De um Erik Pontoppidan? Dei
skreiv i lærebøkene sine, desse teologkultane, at dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free