- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
123

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

katolske prestane forbaud folk å lesa i bibelen og
arbeidde imot folkeupplysning; men kva gjorde dei sjølve?
Jau; dei vilde ikkje gjeva skulemeistrane lov til å taka
ålmugeskulelatinen vekk? Men ålmugeskulelatinen, det
var Pontoppidanta. Anten dei uppe i fjellbygdene stappa
i ungane paternoster på latin, eller dei laga gudsfrygt
hjå friske ijellgutar ved å stappa dei fulle med
Pontop-pidanlatin, det kom på eitt ut; prestar var prestar anten
dei gjekk med krage eller hette. Og so gjekk dei her
og snakka um, at det var dei som hadde skapt
folkeupplysning og ein ny skule! Var ikkje slikt
prestehum-bug, so visste ikkje han kva prestehumbug var. «Jau
det er pinedød prestehumbug!» ropa røvarane frå
Apen-ninane med slag i bordet.

Daniel sat og stirde på Fram som fuglen på den
fagre ormen; han var redd, men måtte fylgja med. No
tok teologen ordet og rekna upp alt det gode prestane
hadde gjort i skulekommisjonane; han var so vond at
han tala godt. Under dette tok Strand og Rud til å
smådrøsa seg imillom; og Daniel vart gjord kjend som
«ein av våre». Strand bøygde seg i skjemtefull vyrdsemd
og sa, at han vilde «anbefale Os Elskelig Jens Rud at
overveie», um dei ikkje «i Sagens Anledning burde have
01»; Jens Rud ringde på Johanna med kaffikoppen og
fekk inn eit par flaskor, som vart mottekne med
bravorop. Fram og teologen dreiv på heitare og heitare.
Presten i skulekommisjonen vart uppgjeven; forsvararen
berga seg inn i ei ny stode og forsvara presten i hans
sjelesyrgjargjerning; Fram vart harm yver dette
tanke-spranget og tala um logisk fusk og råskap i tanken;
det skaut seg som gneistar or augo hans. Teologen
fekk studnad av kameraten sin, som meinte at
sjelene vilde vera låkt tente med -«folkelærarar» som
preika um skindaude på fyrste påskedag; Fram meinte
at det sjelene trong um var upplysning, so at dei ikkje
liksom kong Saul skulde gå og tru at dei hadde vonde
ånder når dei var nervesjuke, eller søkja presten i
staden for dokteren når dei var hypokondriske; den teo-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free