- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
124

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

logiske sjelesyrgjaren var ein sjelefordervar! — «Ja; ein
sjelefordervar!» dundra koret av røvarar.

Teologane treiv sine luvor og gjekk; dette var altfor
ugudeleg å høyra på. I døri hadde det samla seg ein
flokk gjester som stod og lydde på ordskiftet; den
skildest no med lått og smådrøs, og striden vart teken
uppatt rundt alle bord; men sume striddest um Fram.
Mange lika denne eldfulle uredde karen, ikkje minst
når han ruska i prestane; andre var galne på den unge
folkeprofeten, som «vilde forstå seg på alle ting, endå
han knapt hadde skjegg på hoka».—

— «Skål!» sa Jens Rud. «Dette, Fram, er stud.
filos. Daniel Braut, bonde og bondeven, republikanar,
norsk-norsk og alt det som godt er; hans skål!» Daniel
vart raud; han visste, at han kunde ikkje svara for so
store ord; «De gjer for mykje av det gode,» sa han.
«For mykje?» skreik røvarane; «av øl og radikalisme
vert det aldri for mykje.» «Kva bygd er De ifrå?»
spurde Fram; Daniel svara på det. «De hev godt mål
der,» sa Fram; Daniel glodde. Han hadde aldri visst
anna enn at målet i hans bygd var stygt. «Ja De er
naturlegvis målmann?» spurde ein røvar; Daniel totte
med ein gong at målsaki var rimeleg og svara ja.
«Det vil segja,» la han snøgt til, «eg hev ikkje tenkt
so mykje yver det; men det er ein ting, som —.»
«Som segjer seg sjølv!» slutta røvaren.

Ein ny røvar kom, ein fullblods ein med armen i
band, med tater-andlet, med ugreidt hår, uvaska å sjå
til; skjerf um halsen hadde han i staden for krage;
losliten og lurveleg var han all igjenom. Med eit uventande
ljost, lett mæle sa han: «A Gu’ velsigne dere, gje mej
litt øl; jæ er så tørst.»

«Jagu er Mjøltråvaren ute!» ropa koret. «Kvar kjem
De ifrå?» spurde Strand. «Han sa so, Vårherre til
Fanden au ein gong,» svara Mjøltråvaren; «og eg fær
svara som Fanden: eg kjem her og der ifrå; eg hev
vore ute og set meg ura på jordi.» Mjøltråvaren fekk
eit glas og drakk, so sette han seg. Og no hadde han
ei hikstori, sa han, som dei vilde gjeva gull for, um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free