- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
126

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det; og Mjøltråvaren takka med fagre ord, og var so
kløkkt, at han reint ut sagt hadde tåror i augo — av
all den låtten han laut bita i seg.

Mjøltråvaren gjorde det godt med soga si. Alle lo
og hadde moro, so nær som Jens Rud; Fram var med
og lo ei stund, men vart tagal på slutten. Daniel
heldt seg helst til Rud. Mjøltråvaren fekk ølet sitt og
var svært kry. Men med ein gong snudde Fram seg
mot han og sa: «Du er eit herk, Mikkelsen!» —Daniel
vart reint glad i Fram. Mikkelsen forsvara seg; Fram
sat og såg upp i loftet og syntest ikkje høyra. Då
deigja kom inn att, sa han: «Hev De tid til å vera sensor,
Johanna!» Ho riste på hovudet og smilte: ikkje no.
«So fær de greida det so godt de kann, de då,» sa
Fram til fylgjet sitt; «men de må tenkja som folk, og
ikkje som skulegutar.» Han las upp det han hadde
skrive; vilde vita um det var stila so at vanleg folk
kunde skyna det.

Det var strid um eit par setningar; medan den stod
på, kom ein av røvarane burt-til Daniel, og bøygde
seg ned mot øyra hans og sa: «Undskyld herr Braut, Di
skulde ikke kunne låne mej en dalers penger på en 8
dags tid f Jæ er tilfældivis blank; jæ skulde ha noen
penger hos en mand, men han narret mej.» Då lo
Daniel: «Jæ skal ut og låne penger seil i dag!» sa han.
«A! ja; undskyld da; De tar dæ ikke ille op?» — «Nei
bevars.» — «Takk.» Straks etter kom røvaren att:
<Men — undskyld — det faldt mej ind . . . jæ er
vir-kelig i en slem knipe . . . dersom Di nu fikk lånt penger
i da, kanskje Di da fikk så mye at Di kunde afse en
hel eller en halv dalers penger? Di må ikke ta dæ
fortrydeli op! —» — Daniel vart heilt forundra. Slik
tok dei det her! Og han som var redd å spyrja Jens
Rud . . . «Dersom eg fær so mykje som eg sjølv treng,
er det høgdi, — dessverre,» sa han. Røvaren bad
mange gonger «undskylde».

Daniel reis upp; no hadde han sjølv fenge mod til
å gå på. Og no fall det seg; burti ei krå såg han
Strand i samtale med Rud; og det var visst pengar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free