- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
127

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei stelte med. Han svinga burt-um; jau, Strand fekk
ein Dalar av Rud. Med eit mæle som skulde vera roleg
sa Daniel: «Er det fleire der?» — han raudna kring
augo. Jens såg på fyren og skyna kva som tids var;
utan eit ord tok han ein femmar upp og gav han.
«Takk, takk . , .» «Er det nok?» spurde Jens. «Ja, ja;
takk ...» han kunde ikkje segja meir; var glad,
skamfull; sette av stad som han skulde ha stole dei fem
dalarne.

Men den dagen hadde Daniel lært, at ein djerv kar
kunde fikta seg fram for ei tid med smålån.

Han fekk freista med det. Her var ikkje anna fyre.
Betala skulde han so snart han fekk huslærarpost; ingen
skulde bli snytt. Og ein post måtte han vel kunna få,
han som andre. —

— «Det er sant, du skulde ikkje kunna vera av med
ein dalar eller tvo for ei tid? Eg skal ha nokre pengar
av ein mann; men han hev narra meg, og eg er so i
beit!» So på lag lydde den leksa som Daniel no eit
bil levde på. Med sviktande tunge og raudnande andlet
las han ho upp; han visste han laug, og han visste at
han ikkje var velkomen. Men . . . når han var nøydd
til det, so —; og inst inne var der ein halvtenkt tanke
som skaut skuldi yver på Vårherre.

På fyrelesningane gjekk han oftare enn fyrr; det sparde
på veden. Um ettermiddagen sat han for det meste på
kafllkjellaren. Der var det varmt; og der råka han folk;
stundom vanka det øl; og i bladi kunde han sjå etter
um der var «noko åt honom». Det var der ikkje; men
so hadde han då samvitet fritt.

På universitetet var det ein dag utlyst ein ny
huslærarpost, og Daniel vreid seg ved tanken um, at den
laut han vel søkja. Men då han las etter, såg han at
huslæraren skulde kunna engelsk, og det kunde ikkje han.

So var ikkje der noko å gjera. Og ille var det. Men
det kunde vel snart koma eitkvart som var likare.

I Framsflokken møtte han ofte upp; det var so fritt
i det laget. Og mykje var der å høyra. Fram var noko
reint for seg sjølv; Daniel var stundom mest redd han.

9 — Garborg : Bondestudentar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free