- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
128

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han sa det han meinte beint ut; og um ein lika det
eller ei, høyra på det måtte ein. Men uvyrden kunde
han vera; ikkje minst forarga vart Daniel når han tala
um «studenthumbugen» og «latin-tullet». «Dei snakkar
um halvstuderte røvarar,» sa Fram; «men må tru kor
det finst mest av dei. Kva kann vera meir «halvstudert»
enn alt dette humbug som driv upp til andre eksamen
og kann snyta til seg ein tvoar eller einar i filosofi
f. eks. Ja, det er feite filosofar. Dei lærer filosofien på
eit par dagar, og so gjeng dei upp. Svarar dei noko
som dei tenkjer sjølve, so gjeng det skit; men svarar
dei noko som dei slett ikkje skynar, men hev lært i
boki, so er alt godt og vel. Eller i astronomi. Me
kjenner alle desse kultane som kjem stupande i
grå-lysingi upp til manuduktøren og skal pugga inn nokre
formlar, som dei snyter dei stakkars einfalduge
professorane med. Dei fær store lange uppskrifter, som dei
lærer eit par timar fyreåt og gløymer eit par timar
etterpå og aldri meir ser på. Kor finn me i livet so mykje
sprett og spjåk som hjå studenten? Ingenstad. Gå
ut og sjå på dette unge livshåp upp og ned Karl Johan
med kjenk og vrid og kast med augo, med glas på
nasen, med stav i hand, med klint hår, med dusk i
huva, med vott på hand, med spjåk og sprik som kvar
mann kann sjå er deira livs mål. Gå ut um kvelden,
då dei ferdast på utkantane og i krokane og på husi;

— og alle desse skal ein gong ut og preika gudsfrykt
og sedelegheit og lydnad mot lovi. Gå ut um kvelden
og sja pa alle desse juristane som tergar politiet og
vert førde på rådstova og mulktera; og desse skal vera
dei som skal halda lovene uppe. Og heile denne
tom-heit, og tomheit på tomheit, den skal bonden betala;
og so gjeng dei endå og slær på nakken og fryner med
nosi og snakkar um «råbarkede Bønder» og halvstuderte
røvarar og segjer, at det er dei sjølve som sit inne
med kulturen!» — Slikt hadde Daniel aldri høyrt maken
til. Det kunde vel vera eit og anna sant i det; men
-— segja det! Og segja det på den måten!

Men når Fram tala um den sanne studenten og hans

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free