- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
129

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjerning, då kunde han tala so vent, og attåt so klårt,
at Daniel vart sitjande reint einstird. Der var ei
forunderleg makt yver denne ungdomen; han var eldfull
og harm som ein profet, og sterk og rik i ord som
ein diktar, og tankekvass so det lynte um han. Og
augo var so reine og varme, og andletet so sjelfullt og
skiftande. Når han tala um trui, måtte Daniel tidt tenkja
på det som stod skrive um falske profetar og um
djevelen i engleham; for Fram var fårleg. Han kunde snu
sine ord so godt, og fekk sine grunnar til å sjå so
rimelege ut, at ormen i paradis aldri kunde ha gjort
det betre. Daniel lydde på han med halvlysten
reddhug som Eva, då ho lydde til det farlege og fagre:
«de skal verta som Gud»; han visste frå sin
barnelær-dom, at alt det Fram sa um desse ting var lygn og
forgift; men endå var det lokkande å høyra på som
det skulde vera gudsens sanning.

Teologen Ellingstad, som høyrde med til klikken, la
imot; og Daniel totte han gjorde det godt. og kjende
seg trygg når han tala. Men då vart Fram som eid
og glo, skræmeleg sterk, stundom stygg; og det nytta
ikkje å koma med sanningi til honom; for han tok alt
reint bakvendt. Kann henda var han alt komen so langt,
at Gud hadde forvendt syni hans, so han ikkje skulde
sjå? Men ein gong sa Ellingstad at han sjølv tvila um
mangt, og at anten vart han ein fanatisk høgkyrkjemann,
eller so vart han ein verre fritenkjar enn både Fram
og dei andre; sidan totte ikkje Daniel at Ellingstad
greidde seg so godt mot Fram, og kjende seg ikkje
lenger so trygg når han tala.

Ein ting var det som Daniel etter kvart tok til å tenkja
på; og det var læra um djevelen. Han kunde nok gjerne
vilja sleppa ifrå den artikkelen. Men han kom etter,
at gav han upp djevelen, so laut han med det same
gjeva upp ymse andre ting, ja kann henda alt; det var
som djevelen var grunnsteinen i bygningen. Og so
tenkte ikkje Daniel meir på dette.

Men republikanar vart han; for det kunde ikkje vera
so farleg. Og etter det han kunde skyna hadde Fram

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free