- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
130

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

rett her. Det var rart at so mange kloke folk var
imot republikken. Men når han vart uroleg yver dette,
trøysta han seg med, at Fram var mann for å verja
både seg og sine, um det kneip.

Det var mange slags folk som gjekk her, og ymist
skrap. Var det ein arming som var komen på kant
med verdi og inkje åtte og ingen hadde å halda seg
til, so kom han gjerne til Fram; og Fram kunde aldri
segja nei, men lånte sine skillingar burt til kven som
bad, og kravde dei aldri tilbake. På den måten sanka
han um seg ein underleg hop av vrak og villstyringar,
som fylgde han som ein lang skugge; men dette var
ikkje «klikken». Klikken var ein liten utsøkt flokk av
idealistar, bystudentar og bondestudentar um kvarandre,
ein modig fylking som trudde på tanken, elska framtidi,
hadde fridomen til tru, Bjornson til skald. Fram til
rud-ningsmann, det nye Noreg til her-rop; norsk-norske var
dei på kar; og européiske på kar; det var den beste
ungdomen i Noreg.

Av kjenningar råka Daniel Hærland og Gregus
Johnsen, sidan Aslak Fjordan, Markus Olivarius, Halvor
Mosebø og Sven Dufva. I «klikken» vart Daniel lagd
merke til og stundom teken med, av di Jens Rud hadde
store tankar um guten; men dei tankane hadde Jens
Rud frå verbror sin, kapellan Hirsch. —

— Det leid til joli; Daniel hadde fikta seg i hop ei
heil gjeld. Levemåten hadde vore skral, og han hadde
svolte meir enn ein dag; men han hadde då på ein
måte berga seg.

No tok det til å knipa. Den eine etter den andre
av kjenningane for frå byen. Og med brennande skam
hadde han gått etter at dei heldt seg ifrå han i seinare
tid; eit par hadde beint ut sagt, at dei ikkje kunde
låna ’n fleire pengar. Han kjende seg meir og meir
arm og forkomen. Sistpå, då joli stod for døri, og han
ikkje visste nokon å gå til, gjorde han seg hard og
gjekk på Fram. Det var det verste han hadde gjort;
men han gjorde det. Og han fekk ein dalar. Då den
var uppeten, gjorde han seg uvyrden og gjekk på Fram

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free