- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
131

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein gong til. Han kunde ikkje anna! Han måtte leva!
og dette skulde vera siste gongen! Fram åtte eit
halv-dalarstykke; det fekk Daniel. Men han torde ikkje
koma i klikken sidan.

Skamfull, meir og meir skamfull kjende han seg.
Det var ingen ærleg levemåte dette; ein kunde ikkje
halda på soleis. Han fekk sjå seg um for ålvor
etter ein post. Studentlivet fekk det vera med til
sidan.

Kvar dag gjekk han på universitetet og sag på
upp-slagstavla; kvar morgon, når han var trygg på å ikkje
råka Fram, gjekk han på kaffikjellaren og såg i bladi.
Der var ingenting. Han sparde og knipte på den siste
halve dalaren som ein prakkar; levde på vatn og turt
brød. Men halvdalaren tok ende likevel; og so stod
han der, reint på berre bakken.

Det var ein sur slafsedag i januar. Han var svolten
og han fraus; ved hadde han ikkje; den siste
brød-skanken fekk han gøyma til i morgon. Att og fram i
gata gjekk han og slong, slunken og hol, våt på føtene;
middag hadde han ikkje fenge på fleire dagar. I
kveld-ingi luska han inn på kaffikjellaren, snikjande og redd
som ein svolten hund; der var ingen han kjende. Skulde
han freista um han kunde få på borg f Han torde ikkje.
Ein vart so underleg modlaus når ein ikkje åtte mynt;
han rusla. Dreiv att og fram på gata og tenkte på,
um det då ikkje skulde vera ein einaste han kunde gå
til. Då hugsa han på sine gamle kjenningar Ole
Bentsen og Peter Dirk. Gudskjelovl Det var ein utveg.
Dei vilde ikkje segja nei til ein gamal kamerat.

Han vart so glad og lett at han sette i veg og vilde
finna dei med ein gong; dei budde på Hegdehaugen.
Men då han kom der upp, var dei ikkje heime. Tung
og trøytt gjekk han heim og la seg. Men han var so
svolten at han fekk ikkje sova. Han måtte sistpå upp
og eta i seg den siste brødskanken sin. Då sovna han
endeleg. Og sov tungt og lenge.

Han stod upp brennande svolten, drakk tri glas vatn
og rusla i veg. Då han kom upp på Hegdehaugen,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free