- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
133

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sa Daniel og raudna av glede. «Eg trur me hev etter
ei halv flaske sidan middag,» sa Peter med ein uroleg
glytt burt til Ole; denne nikka. «Me held middag
heime sumetider,» sa han til Daniel; «ein må laga
munnen etter skreppa v^it De.» — «Det er vel so,» svara
Daniel; han vart gul att. Peter Dirk drog upp den
halve ølflaska og slo i; men han slo berre i til tvo.
Dei vil ikkje drikka med meg, tenkte Daniel; men dess
meir fær eg. «Ver so god!» sa Peter til Daniel og Ole.
«Nei ver so god du,» sa Ole til Peter. Peter tok glaset
og nikka til Daniel; denne reiste seg, steig ustødt burt
til bordet, tok glaset med dirrande hand og tamde det.
Å Herre Gud, kor det smaka. Og kor det gjorde godt!
Den som berre hadde havt ein matbete attåt . . . Med
det same såg han at Peter berre so vidt hadde smaka
på sitt glas. Daniel skjemdest; orsaka seg: «det er godt
å få øl når ein er tyrst.» — «A ja—a,» sa Ole Bentsen.

Daniel gav seg i drøs; ølet gjorde han modig. Og
so galdt det å få karane i lag. Ole Bentsen sette seg
i ruggestolen framfor bordet og tagde; Peter Dirk la
seg i sofaen og røykte og svara ja og nei. Dei skyna
so godt kva han vilde. Han hadde det laget som
merkjer armingen, når han er ute og skal «slå pengar» og
veit, at det et smått med tiltrui, — dette snakande og
nærsøkne og attåt undergjevne; han prata og prata um
slikt som dei kunde lika; gjorde seg kjend og
kame-ratsleg; heldt med dei i eitt og alt, liksom hunden, som
dillar med rova; dei sat og ynskte fyren til Bloksberg
og vart meir og meir tagale.

Daniel såg kor lite dei brydde seg um det han sa;
og etter kvart som ølet seig av han, vart han arm
og fåmælt som fyrr. Han sat og liksom seig i hop
på stolen; mælet vart veikt og sviktande. Mindre og
mindre mod fekk han til å spyrja um pengar; men
. , . skulde det ikkje lata seg gjera å setja seg til å
venta til kveldsmaten kom? Då kunde dei ikkje for
skam skuld anna enn å beda han med seg . . .

Ole Bentsen og Peter Dirk sat og gjorde augo til
kvarandre. So reiste Peter seg upp og såg på klokka,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free