- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
134

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Kor mange er ho?» spurde Ole Bentsen. «Halv seks,»
svara denne. «A, so mange?» sa Ole; «ja då fær eg
nok til å lesa.» «Ja, enn eg då?» sa Peter Dirk. Daniel
forstod. Han vart myrkraud i andletet og stod upp.
«Ja . . . lid det so langt,o so . . . Jær nok eg og . . .
heim og lesa,» sa han. «A ja, det er lang veg,» meinte
Ole Bentsen. «Ja.» Daniel stod og vreid seg; skulde
han våga det? Å ja; han fekk ikkje meir enn nei . . .
kunde ikkje gå heim att med tome hender; hastande,
snåvande la han i veg; «eg hev langt heim, ja; og so
skulde eg dessutan heilt upp i Professorbyen ... eg
hev ein kjenning der som eg skulde ha nokre pengar
av; men han var ikkje heime i dag; og no må eg —.
Men seg meg . . . det er lang veg, og myrkt og stygt
føre ... de skulde ikkje kunna hjelpa ein kamerat
med eit par mark til i morgon, de?» Han stod og fingra
og snudde på luva si og såg ut som ein tjuv. «M—nei,»
sa Ole Bentsen stilt og blidt; «sanneleg um eg hev so
mykje. Eg hev venta pengar no fleire dagar; men eg
forstend ikkje, kva dei tenkjer på der heime»; og til
trygd for sidan la han til: «Eg hev sanneleg sett meg i
so mykje skuld no, at når eg fær pengar, so gjeng dei
med same. Men korleis er det med deg, Peter? Hev
du noko?» Peter Dirk sette upp eit skjemtefullt
andlet, drog fram pengetaska si; opna ho; spilte augo
upp liksom i forundring . . . det datt ut ein knapp.
Peter Dirk blistra. Daniel lo håst og sårt. «Nå, ja-ja,»
sa han med bivrande munn; «so fær eg burtum den
andre . . . Det er noko langt, men ... Ja takk for i
kveld.» — «Sjølv takk. Vel heim!» — «Takk.
God-natt.» — «Godnatt, godnatt!» —

— Han steig ned troppi med ryggen krylen av skam
og svikne voner. Han grét mest då han kom ut. No
hadde han gjort seg til bikkje for eit bein, og hadde
ikkje fenge beinet. Seint og syrgjeleg seig han ned
etter gata. Ein full mann stana upp midt fram-fyre
han: «Er ’u redd gut?» Daniel smøygde seg framum.
Tvo glade unge herrar kom spantande og røykte sigarar
som lukta svimrande sterkt; dei fyllte upp fortoget so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free