- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
136

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

karen . . . nye sko, tvo dalar . . . so middag; ... å,
å, middag! God varm middag; kjenna seg god og mett.
Og so ei ærleg pipe! — Nei, nei. Det vart verre når
ein drøymde. Ikkje tenkja på mat. Ikkje tenkja på
mat . . .

Der var noko som var viktigare enn maten. Tjah.
Um dei blés han so full av ånd at han vart som ein
luftballong, — han vilde vera like åndlaus for det, so
lenge han ikkje fekk eta . . .

Heime på landet hadde dei det godt. Alltid sitt
visse bord å gå til. Det kunde vera trongt i andre måtar;
men mat hadde dei. Kneip det, kunde dei slakta ei
ku. Dei svalt ikkje. Det var ikkje for ingen ting at
dei gamle heldt brødet heilagt, og tala um heilage
uksar . . .

Kjempone hjå Homer, når dei vart svoltne, so sette
dei uksar på spit; brasa og steikte og åt; fyllte seg
med ungt kjøt og den søte vin; det var minst fyre å
vera kjempe på den måten. Daniel saug på tunga si.
Han kjende smaken av ungt kjøt og søt vin, so
tennene vasshagia.

Han seig pa, seig på. Kjende seg so hol som han
kunde gå tvert av; og akslene verkte som det var eld
i dei. Sigarrøyk dreiv sterk og heit ikring han;
piano-spel klunka ut frå alle stovor. Det var so vondt å
høyra; der inne sat folk og hadde det varmt og lognt.
Skulde eta godt til kvelds. Og so ha sin toddy. Han
fraus. Han kjende den snøsure januarlufti like inn på
skinnet.

Han var komen ned i Teatergata. Det tok til å bera
imot att. Men han var for trøytt til å gå seg varm.
Ingen stad kunde ein gå inn heller, når ein ikkje hadde
pengar.

Der uppe låg Trefoldigheds-kyrkja. Der var ljos.
Der kunde han gå inn og kvila seg? Ja. Der kunde
ingen jaga han ut, um han ikkje hadde pengar. Og
kann henda han der råka ein mann som vilde låna han
tolv skilling . . .

Han drog seg inn. Der var visst bibellesning. Den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free