- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
137

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fyrste tome stolen han såg, seig han ned i. Å Gud,
so trøytt han var. Der gjekk skjelte-rider gjenom han;
han svimra som han kunde dåna; seig i hop der han
sat. Og lét att augo. Men for dei attlatne augo dansa
i lange rader brød, gulbrune, velsteikte brød i korger
og brød i kassor . . . Den som hadde eit. Den som
fann eit slikt på bordet når han kom heim. Desse
andre som sat her, dei skulde heim og ha te og øl
til kvelds. Med smør og brød og tri slag ost. Og
uppskore kjøt. Kann henda ein liten rett torsk fyrst.
Dei kunde nok vera gudelege. Kva var det for noko
dei song? Han kunde ikkje skilja ordi. Men kvar
gong dei kom til slutten av verset, tottest han tydeleg
høyra noko han no hadde halvveges gløymt:

«thi Gud giver sine baade Klæder og Fød*t

naar de monne sødeligen so—ove.»

Ja; det kunde dei syngja. Han for sin part hadde
aldri set noko til at det kom mat eller klæde når ein
låg og sov. Men slike folk som desse, som ikkje var
med i Framsflokken, og som ikkje levde det ideale
stundenterliv, dei fekk visst både det eine og det andre.
Dei såg ut til det. Dei var både velfødde og velklædde;
det lønte seg å vera gudeleg. Ein kandidat eller noko
slikt kom upp på preikestolen og la ut noko som
Daniel ikkje fekk grunn i. Han høyrde sumt; men sumt
kom burt i den omen frå alle vegger som svara talaren
på kvart eit ord, og gjorde at talen liksom måtte vassa
seg fram gjenom ein tung motstraum. Og sumt kom
Daniel ikkje til å høyra, av di den svidande svolten
drog tankane hans burt.

Men ein gong kvakk han upp og gav seg til å høyra
etter. Talaren fortalde um dei ugudelege, som levde
vilt og sette alt sitt gods til i ein syndefull livnad; og
når dei hadde øydt upp det dei åtte, so tok dei kann henda
klædi av kroppen og gjekk til pantelånaren med, so
dei kunde få noko å synda for. Pantelånaren! Det
ordet vekte Daniel. Der var ein utveg. Endå kunde
han få mat fyrr han gjekk i seng.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free