Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII. - IX.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Hadde han berre noko å setja i pant? — Bøkene
kunde det ikkje nytta med; dei var gamle og skrale.
Vinterfrakken — trong han altfor hardt til; klokke
hadde han ikkje. Men duskeluva? Ja den . . . Han
reis upp; kunde knapt stå, men tok seg på tak; ut or
kyrkja bar det; heim etter duskeluva; og so til
pantelånaren so snøgt han orka.
Han venta å få ein dalar på luva si. Det fekk han
ikkje; han fekk tvo mark. Men tvo mark var pengar
det au; Daniel kjende seg heilt rik då han gjekk ut or
pantebui. Med ny kraft og snøggare steg gjekk han
på kaffikjellaren og fekk døyva den verste svolten. På
heimvegen kjøpte han brød og øl; då han kom heim,
åt han endå ein gong.
God og varm og underleg utmødd sat han der og
halvsov; ølet han hadde drukke la noko mjukt og varmt
um panna hans mest som ull.
Men han hadde vondt i hovudet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>