- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
139

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Romet var lite og lufti tung; Daniel fekk ei fæl natt;
låg og kava frå draum til draum, den eine tyngre enn
den andre. Ut på morgonstundi fekk han endeleg sova
eit bil; og då madam Henriksen kom inn um
fyremid-dagen, var han vaken. Ho spurde um ho skulde henta
dokter. Daniel hugsa si pengenaud og svara nei; men
han vart redd. Var han kann henda so sjuk at det
kunde vera farleg?

Hovudverken var strid; og styngen i sida stengde for
pusten. Skulde han døy? Den tanken tok han so sterkt
at det var so han dovna av redsle. Han såg seg sjølv
kvit og stiv i den svarte kista; kjende lukti av
likferds-lin og gravmold; kraup i hop i sengi og freista å beda;
og so tenkte han på det livet han hadde ført. Han
såg alle sine vonde, sjølvvise tankar dukka upp for
minnet som stygge dyr; kaffikjellaren med all den
øl-rangelen og banningi og all den villskapen viste seg for
han som ei forhall til helvete; draumane um
tstuden-terlivet» skjemdest han yver; alt det han hadde gjort og
tenkt vart synd og skam og ynkeleg dårskap. Skulde
han døy no, so døydde han den ævelege dauden; han
såg det so vel. Dirrande av fæle treiv han tak i
sengestokken og bad, bad med spreidde, forskræmde tankar,
at han måtte leva; leva, so han kunde få umvenda seg.
Og so kom feberen att med sitt tøv og sine uklåre syner.

Slik låg han i fleire dagar og ørska, redd, når han
vakte, forpint når han drøymde; madam Henriksen, som
vart mjuk av å sjå på denne armingen, stelte for han
det vesle ho kunde og skræmde livet av han med sitt
doktersnakk, men trøysta han, då ho forstod at han
var redd.

So vakna han ein fyremiddag og var lettare. Hovudet
var veikt og ørt, men verkte ikkje so vondt; styngen i
sida kjende han berre når han drog anden djupt;
feber-branden i blodet hadde slokna, Og madam Henriksen
var snild som ei mor; stelte drikke og mat til han og
berre bad han segja ifrå, var det noko han vilde ha.
Men inn gjenom vindauga låg $in tindrande solstråle.

Då totte guten at alt var godt og ljost, og at eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free