- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
141

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sukk som han døyvde, at han no vilde gjeva upp alle
sine verdslege tankar, ja sjølve det ideale studenterliv.

Dagen etter kom han seg upp. Han torde ikkje gå
ut; men madam Henriksen skaffa mat og ved; og so
sat han inne og hadde det godt; åt og drakk, freista
å røykja, men pipa hadde usmak, og las i testamentet.
Han hadde ikkje fullt so rik glede i Guds ord i dag
som fyrr, og tankane hans kvilde ikkje fullt so roleg i
nåden; men han visste frå dei vakte, at nåden ikkje
alltid var like sterk; dessutan var det ikkje Guds vilje
at me skulde tenkja berre på det himmelske.

Denne siste tanken letta; han la testamentet ifrå seg
og gav seg tii å tenkja på sine jordiske saker. Han
vilde til Pater; no då han var umvend, kunde han med
roleg hjarta beda denne mannen um rettleiding og hjelp;
og det både i det timelege og i det åndelege. Elles
vilde han ikkje beda um pengehjelp. I sine syndige
dagar hadde han levt altfor mykje på anna folks pengar;
no vilde han fylgja Guds ord; og det sa, at den som
vilde eta, skulde arbeida. Han vilde spyrja Pater um
arbeid. Han lengta etter å få tala med denne mannen;
han totte han elska han alt på fyrehand.

Han åt godt i desse dagane, so godt at han
skjemdest yver det for madam Henriksen. Men ho syntest berre
vera glad for han gjorde ære på maten hennar, og
dessutan . . . ja, det sa seg sjølv: han fekk nok betala.
So åt Daniel, og åt til gagns. Og han las alle dei
bordbønene han kunde hugsa, både fyre og etter maten;
og det var forunderleg som desse bønene vart høyrde.
Han hadde aldri havt so godt av mat som han hadde
no —.

Då han vart so sterk at han kunde våga seg ut,
klædde han seg i sine kisteklæde og gjekk til Pater.

Han vart vist inn i ein ljos, fager sal som vende ut
til ein stor hage. Ein liten bleik solstråle stod inn
gjenom hagedør-glaset, braut seg glitrande gjenom
gias-dobbane i ljoskruna og fyllte romet med vår-tankar og
glans. Framande vokstrar stod og lavde burt ved
vindaugo med store grøne blad; og rundt på veggjom hekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free