- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
144

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eit grand arbeid, so han kunde få frå seg andre-eksamen
og so taka til med det som alltid hadde vore hans
tanke: teologien.

Pater lika guten. Her var på nytt ein av desse friske,
uskadde bonde- og barnenaturar med den rike gåva til
å tru og elska; her var på nytt ein mann av folket
driven ut av åndi til Herrens krig. Han spurde kvifor
Daniel hadde valt teologien. Vilde han bli
vitskapsmann? — A nei, so høgt hadde Daniel ikkje tenkt;
han vilde vera prest. — Kvifor det? — Jau, han hadde
alltid funne at det måtte vera ... ei stor livsgjerning
... å forkynna ordet. — Hadde han kjent noko serleg
trong til å arbeida med Guds rike? Hadde han nokon
gong rett kjent sanningi av dei Herrens ord, at hausten
var stor og arbeidarane fåe? — Det kunde sjå ut som
her var arbeidarar nok, heldt Pater fram; men, sanne
arbeidarar, arbeidarar som arbeidde med kall og kjærleik,
av dei var her fåe, syrgjeleg fåe, og hausten, ja den
var stor nok; for her låg eit heilt folk, eit herleg, kraftigt,
folk, med Herrens gåvor i forunderleg mål, som skulde
sankast inn i løa hans. Daniel såg på Pater med
høg-vyrdnad; Pater tala seg varm.

Han drøymde stort um Noregs folk og kunde aldri
koma burt frå den trui, at Vårherre hadde valt det ut
til ei herleg gjerning i riket hans. Dei store kulturfolki
som her var so mykje tale um, dei trudde han ikkje
stort på; dei var alle meir eller mindre skadde og
mergetne av sedløyse, sjølvvise og vantru; men det
norske folket stod ungt og friskt, med si trygge
barne-tru og med heile si kraft; og når Gud her la si signing
til, som han visseleg vilde og som han alt på so mange
og merkelege måtar hadde vist at han vilde, so skulde
me få sjå kva han kunde gjera ut av oss, so småe som
me var. Sterkt vilde det folket vera som kunde segja
som Josva: eg og mitt hus, me vil tena Herren! —
sterkare enn alle filistrane, sterkare enn alle heidningar
med deira stridshestar og vogner vilde det vera. Det
galdt å arbeida medan det var dag; det galdt å så og
pløgja og vatna, so Herren kunde få gjeva vokster;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free