- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
146

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med Gud, berre ordet frå honom vil sjeli ha; og fær
ho det, so hev ho ikkje lyst til noko på jordi.» — «Ja,
det hev eg kjent,» mulla Daniel ustødt. Pater reis upp
og stappa i pipa. «A ja Gud skje lov og takk!» sukka
han; «han veit å finna oss, han; og han veit råd med
oss. Hå! hå! Me gjeng og innbiller oss at me er so
kloke og vise; men han lærer oss å sjå, at all vår
visdom er dårskap, han!»

Pater kveikte pipa og slo inn i ein annan tone. «De
tenkte på at De vilde ha arbeid; var det ikkje so, kjære
ven?» sa han. Jau, dersom der var råd til det, svara
Daniel, so vilde han meir enn gjerne. Pater sette seg att.

«Hm, det er forunderleg,» sa han med ein logn smil,
«eg hev nettupp ein post som kunde høva for Dykk.
Der kann De sjå! Vårherre er aldri rådlaus. Det er
ein huslærarpost upp på landet i ei fager bygd; — eg
trur ikkje posten er burtfest. Vil De eg skal høyra etter?»
Daniel sa so mange takk. «Ja, eg skal gjera det,» svara
Pater. «Eg tykkjer det er som Vårherre sjølv hadde
sendt deg ... Du er just den eg her kunde ha bruk
for. Høyr, du kjenner student Bentsen?» — «Ja; godt.»

— «Det er ein merkeleg ung mann . . . so sterk i trui,
so ærleg i sin dom yver seg sjølv . . . Ikkje sant?» —
Jau, det var visst so. — «Kva er det for andre studentar,
du kjenner?» — Daniel tenkte seg um; nemnde Hans
Haugum. Måtte so fortelja um Hans Haugum; og det
gjorde han på den måten at han fortalde alt som han
tenkte Pater vilde lika. «Ja, det er merkeleg,» sa Pater;
«det er som Vårherre hev lagt dette til rettes for deg.
Student Stensrud var her nyleg og bad meg driva på
. . . og no kjem du. Kva var det du heitte?» —
«Daniel Braut.» — «Daniel Braut, ja. Ja måtte du bli
ein Daniel! Høyr no her upp um nokre dagar; eg trur
visst Vårherre hjelper deg.» Han slo Daniel på aksli
og lo: «Du er ein ekte bondegut, far! so still og trufast
... ein sann israelitt, som der ikkje er svik i. Eg er
so glad i slike gutar; eg er sjølv ein bonde i grunnen;
og bonden, ser du, bonden, det er mergen . . . «Hvad
bondens bund kan bære, skjønt sjelden der blev såd,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free