- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
147

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det er vor folkeære og har vor fremtid spåd!» segjer
diktaren. ■— Ja, lat oss takka Gud for det. — Var det
noko anna eg kunde hjelpa deg med?» — Daniel raudna
og drog på det; «Ja —; det kunde ikkje . . ,» «Tala
fritt!» sa Pater. «Lat meg vera som ein far for deg;
ver ikkje redd. Det er ikkje noko sælare enn å vera

— liksom —o hand for Guds hjelpande vilje. De treng
pengar?» — Å, det var . . . nok ikkje fritt. Pater smilte.
«Nett i dag var her ein mann og gav meg ti dalar, som
han bad meg gjeva til ein trengande student . . . ja, er
det ikkje forunderleg, korleis Han styrer alt?»

Daniel var berga.

«Ja Herren vere med deg då, kjære Braut!» sa Pater
til velfar og tok han i handi. «Han er nær dei som held
seg nær til honom. Kom upp att um nokre dagar, so
skal me sjå, um han ikkje hev havt ei meining med at
han sende deg her upp. Vårherre vere med deg. Farvel,
kjære ven1»

Daniel gjekk. Ein ny gjest sat i stova og venta.
«Goddag, goddag, kjære ven!» sa Pater hjarteleg; «farvel,
kjære Braut!» ropa han likso hjarteleg; og døri lét seg
att etter Daniel. —

— Eit par dagar etter fekk han brev frå Jens Rud
um, at i morgon ettermiddag kl. 5 skulde det vera møte
i Kafé National til avtale um «teatersaki».

«Visvas!» sa Daniel og la brevet burt. Han vilde
ikkje vera med på slikt no. Han kjende på seg, at
Pater ikkje vilde lika det; dessutan hadde han anna å
tenkja på no enn teatergreidor.

Dagen etter råka han Jens Rud på gata. «Nå,» sa
Jens, «De kjem vel?» — Ja . . . Daniel visste ikkje;
det var ikkje so godt for han . . . «Billett skaffar eg,»
sa Jens Rud lågt. — Ja . . . men . . . han skulde ein
annan stad av i kveld. «Å, snakk; ålvorlege ting til i
morgon!» lo Jens. «I kveld ventar fedrelandet al kvar
mann gjer si plikt!» — Ja, ja Daniel fekk tenkja på
det. «I kveld kl. 5! Kafé National!» sa Jens og strauk.

I grunnen var dette her noko filledom, tenkte Daniel.
Men det kunde vera moro å vera med på slikt for ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free