- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
148

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gong skuld og. Og han var ikkje umvend; so for den
skuld . . . Dessutan hadde han på ein måte lova . . .
Men det var denne Pater. Ein so god mann vilde han
naudleg gjera imot,

I tvil og tvihug gjekk han heim, og i tvil og tvihug
dreiv han tidi til klokka var 5, og kunde ikkje koma
til nokor avgjerd, So gjekk han ut. Ein kunde alltid
driva burt-etter gata og sjå, tenkte han; og so kunde
ein taka ei avgjerd etter kvart. Det var meiningi hans
å ikkje vera med. Men det kunde ikkje skilja um ein
tenkte noko meir yver det. So gjekk han burt-etter
gata og tenkte; tenkte uppatt dei same tankane som
han hadde tenkt fyrr. Sistpå stod han utanfor Kafé
National og var like nære. Tok seg eit slag nedyver
gata og upp att; vilde tenkja betre yver; tankane vart
dei same, men hugen voks.

Flokk etter flokk såg han koma og gå inn ; dei kom
luskande som samansvorne. Det skulde vera moro å
vera med! Byen låg so roleg og trygg som inkje var;
dei gode borgarar drøymde um ingen ting; men der
inne i den vesle kjellaren, inne i eit løynleg, avstengt
rom, sat det unge Noreg og gjorde revolusjon . . . det
skulde vera moro å vera med! Tankane tagna ein for
ein; hugen voks; at ikkje Jens Rud kunde koma og taka
han med seg!

Klokka var eit korter yver 5. Vilde ein vera med,
fekk ein skunda seg. Han hadde i grunnen lova det
■ ■ ■ °S * grunnen var det ei god sak ... lat gå. Han
kasta seg fram mot troppi, døyvde alle tankar og steig
på. Inne i kaffistova råka han Jens. «Nå, endeleg.
Inn der!» sa Jens; Daniel gjekk, ijacta est alea,»1
tenkte han.

Men då han ein time etter kom ut att, hadde han
lova med hand og munn, at han vilde vera med i kveld
og pipa i teatret av all si makt, so snart han frå
parkettet høyrde ropet: *Ned med direktøren!» og at han
ikkje vilde lata seg skræma av nokon ting, men berre
halda fast på pipa si og blåsa. Og no visste han, at

1 jracta est alea; terningen er kasta.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free