- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
149

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

saki var god. Fram hadde med sin eldfulle logikk vist,
at Nasjon al teatret vart drive på ein uforsvarleg måte,
so ingen nordmann kunde finna seg i å sjå det i hendene
på den klikken som no styrde; og Daniel hadde merkt
seg fleire av Frams grunnar, so han kunde ha noko å
verja seg med, um Pater skulde få njosn um saki.

Pipe fekk han av Jens Rud. Dei fleste var ute og
kjøpte seg pipor etter møtet. Men andre hjelpte seg
som dei kunde med portlyklar, barnetrompetar og anna
slikt som kunde låta. Etter ståket skulde dei møtast i
kaffikjellaren att og ha ein liten seksa.

Daniel skulde sitja i ein bolk i tridje rad og ha med
seg Sven Dufva og ein Monsen, «Don Pedro», som
Aslak Fjordan kalla han. Stormengdi av piparane skulde
sitja i andre rad; elles var dei spreidde yver heile teatret.
Det vilde bli ein «fyrste rangs konsert», so sant alle
gjorde sin skyldnad, sa Jens Rud.

— Med bleike vangar og bankande hjarta sat Daniel
på plassen sin i tridje rad og venta på det som koma
skulde. Attum seg hadde han ein stor slamp av ein
fyr, ein slaktar eller noko slikt, som han lika berre so
måteleg; men verre var det, at burt-i ein annan bolk
sat det ein konstabel; vilde han blanda seg i leiken
tru? Daniel spurde sidemannen sin, Monsen, um dette.
Monsen drog på geipen, «Han har ikke noget med
å hindre den fri meningsytring,» grein han i
fjorda-måls-sekstar.

Orkestret tok til å spela; Daniel høyrde ikkje på det.
Med hjarteverk gådde han, at det var kome endå ein
konstabel inn på tridje rad. Han kunde ikkje anna
enn gjera Monsen kjend med dette. Monsen vreid på
sin fiskekalde munn og sa i gretne, snøgge septimar:
«Hva fa’n gjør dæ da?»

Daniel vart skamfull. Den Monsen måtte vera ein
modig mann.

Det var som lufti i teatret var ladd med nervøsitet.
Ei uroleg kviskring gjekk frametter benkene som
vindpust i visna blad; og kor Daniel vende seg såg han
bleike, ventande åsyn. Stykket hasta yver tilet som i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free