- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
150

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

feber; spelarane forsnakka seg alt i eitt og gjorde
mistak på mistak. Ender og då gjekk det som elektriske
slag gjenom radene; det skråva i silke og stive kragar,
og chignonane snudde seg att og fram som vindfløyar
—: kom det no f — Men dei unge løytnantane sat og
gjorde seg morske og såg seg ikring med kannibalske
augo som sa, at vart det noko av, so skulde nok dei
halda styr på herket.

Men akt etter akt gjekk, og alt var roleg. Folk tok
til å tru at dei var haldne for narr. Og mang ein
løytnant som fyrr hadde vore morsk som ein Mars, lavde
no med øyro: skulde han ikkje få tilføre til å visa seg
riddarsmann for sine unge damorf Andre såg seg
spottande ikring; det vert ikkje noko; det visste me!

Men dei gamle herrane var glade. Ikkje ståk; me
fekk vera i fred; uppstyrsmakarane hadde vore for veike.
Kristiania var trufast. Mistenkjeleg var det alltid, at
der i andre rad var mest berre studentar; men . . .
dei gode måtte vera i fleirtal.

Det leid til slutten av femte akt. Uroi tok til å vakna
att; kann henda var det no det galdt. Med ein gong
vart det varslande stilt yver heile teatret. Daniel fekk
hjartebanking; stirde ned: — ein ung mann i
parkettet hadde reist seg; det var føraren.

Den siste replikken var sagd; duken tok til å glida.
Då lyfte føraren handi, og med gnellt mål ropa han:
«Ned med direktøren!»

Det gjekk ein sukk gjenom salen, ei stynjing ... og
so braut det laust. Ein storm av pipor, eggjande, ylande;
fleire og fleire, frå parterre, frå andre rad, frå tridje;
kvasse fløytetonar frå portlyklane kom med, og
barne-trompetar i sangrande gråt; men so med ein gong eit
brak, ein foss av handklapp, tramping, hyssing, skrål;
teatret stod i gov; det var som hav i sjøgang. Men
pipone, kvasse og tirlande, skar seg veg gjenom brot
og brak, kvesste på, og kvesste på, kvein, kvisla, kom
ylande frå alle kantar som ei åsgardsreid, som storm
gjenom ein skips-rigg. Alt var i uro; alle mann uppe;
lufti full av klappande hender; her og der hopar av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Nov 20 21:20:13 2020 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bondestuds/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free