- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
151

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

menner i vill tretting, raude i kamben, fiktande med
armane, menner skrikande av opne gap ord som ingen
kunde høyra, ord som døydde i ståket og vart til vind,
til tom, rasande pantomime —: «ut med pakket! ut
med pakket!» — og so løytnantar som stod og sa
«fanden tordne mej» og vilde slå til og ikkje torde.
Men uppe i radene hekk det i krans andlet ved andlet
utyver kantane; dei glodde og lo, glodde og undrast,
glodde og banna, glodde og peip.

Daniel hadde fenge pipa si upp or vestlumma, og no
skulde han til; men han var uroleg. Til å vinna mod
glytte han på kameratane sine; — Peder Monsen sat
med armane i kross og såg ut som han aldri hadde
tenkt på å pipa; men Sven Dufva peip so kjakane
hans stod som ein smiebelg. Kven skulde ein fylgja ?
Guten var heilt fortryllt. Men nede i parkettet såg han
Jens Rud, som stod og peip og glodde uppetter radene
. . . han fekk pipa til munnen so fort han kunde og
blés; men kunde ikkje høyra noko; blés sterkare, men
kunde endå ikkje høyra . . . Då kjende han ein neve
i den eine aksli. Han skvatt^so han beit seg i tunga;
torde knapt sjå seg um. «A skal dettane derre vera
for no’?» skreik slaktarmålet inn i øyra på han, og ein
vond ølgufs kom strøymande; Daniel svara noko, men
høyrde det ikkje sjølv. «Vaffno?» ylte slaktaren og
skreik so han vart blå; Daniel lika seg ikkje; best å
sjå seg fyre. Og so la slaktaren munnen til øyra hans
og skreik som det galdt livet: «Holder itte Di demses
forbannede snut, så fa’n ita mei roper itte jæ på
kong-stabel’n!» — Daniel vilde vrida seg ut av neveklemma
hans; men han sat som i eit skruvested. «Stikk pipa
Demses i sekken, far!» skreik slaktaren; det lukta øl
både av fyren og av ordi hans. Kva skulde ein gjera?
Det var ikkje godt å vita, kva ein full slaktar kunde
finna på; og konstabelen vilde han ikkje ha noko med
. . . Daniel stakk pipa i sekken.

Don Pedro de Monsen sat roleg som fyrr og glodde
ned i parkettet; ein kaldflir låg ikring munnen hans.
Men Sven Dufva, som nok og hadde ei klo i aksli si

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free